Prosjektleiar
HS Kapstad
6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektleiar
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. juni
Send søknad til
HS Kapstad søkjer etter prosjektleiar
HS Kapstad er søsterselskap til HS Bygg og HS Rise Bygg. Saman er vi ein av dei leiande entreprenørane på Vestlandet. HS Kapstad har kontor i Førde og er med HS del av eit større fellesskap som skapar gode og trygge arbeidsforhold, samt gode moglegheiter for utvikling i regionen. Vi arbeider med fleire spennande prosjekt og ynskjer å styrke laget vårt med ein prosjektleiar.
Å utvikle kompetansen til våre ansatte er den viktigaste investeringa vi gjer. Du som søkjer vil få reell innflytelse på korleis vi arbeider som selskap og vi setter derfor pris på initiativ, og forventar samtidig at du er med og bidrar til å gjere oss betre.
Som prosjektleiar hos oss vil du ha ansvaret for å planlegge, gjennomføre og leie byggeprosjekt frå start til slutt. Du vil samarbeide tett med kundar, leverandørar og teamet for å sikre at prosjekta blir levert til avtalt tid, kvalitet og kostnad.
Ønska kvalifikasjonar
- Erfaring som prosjektleiar innan bygg og anlegg
- Utdanning innan ingeniørfag eller byggrelaterte studier
- Gode leiareigenskapar og kommunikasjonsevner
- Evne til å håndtere fleire prosjekt samtidig
- Godt humør, stå-på-vilje, evne til å kunne trivast både på kontoret og ute i felt
Vi tilbyr
Vi tilbyr eit godt og trivelig arbeidsmiljø. Vi deler kunnskap og erfaringar som igjen skapar gode resultat og vi kan vekse ilag. Du får arbeide med spennande prosjekt i regionen der du får mykje tillit og moglegheiter for utvikling. Du vil få konkurransedyktige vilkår inkl. pensjons- og forsikringsordningar, samt bonusordningar.
Dersom du synest dette høyrest interessant ut kan du sende ein søknad eller ta direkte kontakt med dagleg leiar Geir Harald Kapstad, tlf. 95 24 23 06, e-post: ghk@haraldkapstad.no via "søk på stilling" knappen på denne siden.
Søknadsfrist 20.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56b9f439-87a9-44d4-a220-e532d2a07380
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4530003