Er du vår nye operatør i Politiets Nettpatrulje Vest
Seksjon for førebygging, Vest politidistrikt
Allehelgens gate 6, 5016 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Politibetjent 3/2/1 med funksjon som Operatør Politiets Nettpatrulje Vest
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for førebygging, Seksjon for førebygging er det frå medio februar 2024 og for eit år ledig vikariat som operatør ved Politiets nettpatrulje Vest.
Politiets nettpatrulje Vest består av 5 politiansatte; ein fagleiar,ein kombinert etterretning / operatør, og 3
operatørar. Gruppa består både av kvinner og menn, der nokon er forholdsvis nyutdanna, mens andre
har jobba i politiet i lengre tid. Felles eining for førebygging er stasjonert i Bergen
Sentrum.
Nettpatruljen vart etablert i oktober 2019 og har hatt ei spanande utvikling etter dette. Vi har no nærare 870 000 følgjarar til saman på Facebook, Instagram og TikTok. I 2021 vann vi "Social Media Awards" for årets virksomhet/merkevare og har fått mykje merksemd i media. Vi har eit godt arbeidsmiljø med gode høve til å vera kreativ.
Arbeidsoppgåver
- Kriminalitetsførebygging og haldningsskapande arbeid på nett
- Bygge tillit og ha dialog med innbyggjarane på nett og SoMe
- Patruljering på nett, samt dagleg oppfølging av Politiprofilane våre på Facebook, Instagram og TikTok. Vi har også kontoar på andre sosiale medier
- Tovegskommunikasjon med innbyggjarane (Råd/rettleiing, motta tips og svare på ulike spørsmål)
- Samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
- Uniformert og tillitsskapande polititeneste
- Halde foredrag og undervisning internt og eksternt (både fysisk og digitalt)
- Vere politiet sitt ansikt ut mot innbyggjarane, gjennom sosiale medium og anna førebyggjande
verksemd. Du må også vere villig til å eksponera deg sjølv - Andre arbeidsoppgåver innan fagfeltet
- Noko turnusbasert arbeid må påreknast
Kvalifikasjonar
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Operatørkurs og/eller erfaring frå arbeid i ein nettpatrulje
- Tilfredsstille dei generelle kompetansekrava til politibetjent 1,2 eller 3
- Ha operative godkjenningar, evt. vere villig til å re-godkjenna desse
- Svært god framstillingsevne munnleg og skriftleg (nynorsk, bokmål og engelsk)
- Flink til å dele kunnskap og dokumentere sitt arbeid
- Erfaring innan digitalt grafisk arbeid og/eller videoproduksjon er ein fordel
- Kunnskap om bruk av digitale verktøy, og erfaring frå bruk av sosiale medier er ein fordel
- Erfaring frå kriminalitetsførebyggjande arbeid og/eller forståing for heilskapen i kriminalitetsførebyggjing er ein fordel
- Kunnskap om ny teknologi er ein fordel
- Erfaring med gaming og gamingplattformer er ein fordel
Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Uttømmande og utvida politiattest må innhentast ved evt. ansettelse jf. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.
Personlege eigenskapar
- Ein god rollemodell, positiv og godt humør
- Ha gode evner til å skape tillit og byggje relasjonar
- Ha høg motivasjon for stillinga og oppgåvene som skal utførast
- Vere kreativ, initiativrik og fleksibel
- Vere god på kommunikasjon og samarbeide godt saman med andre, både internt og eksternt
- Bidra til og vere ein viktig del av eit fagleg og sosialt fellesskap der ein jobbar i eit velfungerande team
- Gode sosiale evner som fremmer trivsel og et godt arbeidsmiljø vil bli vektlagt
Vi ynskjer også at du er modig og heilhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Vi jobbar saman for fellesskapets beste i tråd med lover, reglar og våre verdiar.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi
- Stillinga vert løna som politibetjent 3/2/1, SKO 1461/1459/1457 frå ltr 47 / kr 480 900,- til ltr 67/ 657 300,- kr brutto per år.
- Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 skjer i samsvar med gjeldande kompetansekriterier for Pb2 og
Pb3. - Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (www.spk.no)
Generelt
Politiet meiner at inkludering og mangfold er en styrke. Vi treng medarbeidere med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgaveløysning. Dersom det er mogleg, vil vi tilrettelegge for medarbeidere som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjer i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil sei positivt særbehandla på denne måten, må søkarane oppfylle visse krav.
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette i vår rekrutteringsportal. Avkrysningane danner grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlige virksomheter rapporterer i sine årsrapporter.
Du kan lese meir på arbeidsgjevarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Opplysninger om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har anmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom anmodninga ikkje blir tatt til følgje, vil du bli varsla om dette.
Tilsetjinga vil skje i form av ei administrativ tilsetjing med forenkla tilsetjingsprosedyre utan krav til innstilling og behandling i tilsetjingsråd, jf statsansatteloven § 7 andre ledd.
Saksnr.23/259590Kontaktinformasjon
Rune Fimreite, Fagansvarleg nettpatruljen, 47975815Spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 207.hr@politiet.no
Arbeidsstad
Allehelgens gate 65016 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vest politidistriktReferansenr.: 4736023728
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.12.2023
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 38 kommunar i Vestland fylke, med til saman 600 600 innbyggjarar. Distriktet følgjer ikkje fylkesgrensene helt - kommunane Fitjar, Bømlo, Stord, Etne og Sveio høyrer til Sør-Vest politidistrikt. Politidistriktet har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar. Politimeisteren har sitt kontor i Bergen og der ligg også felles operasjonssentral.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2505176
- Hentet fra
talentech
- Referanse
14dc7596d4c24231ab9f4a395f513d59