Ambulerandre matros - Arsvågen-Mortavika
Maritim Drift, Fjord1 AS
E39, 5561 Bokn
Om jobben
- Stillingstittel
- Ambulerande Matros til Arsvågen-Mortavika
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Fjord1 har no ei ledig stilling som ambulerande matros i sambandet Arsvågen-Mortavika.
Som matros blir du ein viktig del av drifta om bord, med ansvar for fleire sentrale oppgåver som passasjerhandtering, billettering, sikkerheitsarbeid og vedlikehald. I ei ambulerande stilling har du fast turnus og fast løn, men arbeidet vil variere etter behov på dei ulike fartøya i sambandet. Det gir ei god kombinasjon av tryggleik, fleksibilitet og variasjon i jobben.
Sambandet er ei sentral del av E39 og eitt av dei mest trafikkerte i landet, med stor aktivitet og mange reisande kvar dag. Her får du ein jobb med ansvar og høgt tempo, tett samarbeid med dyktige kollegaer – og gode moglegheiter for vidare utvikling i faget.
I denne stillinga jobbar du 2 veker på og 2 veker fri - ei ordning som gir god balanse mellom jobb og fritid. Under arbeidsperiodane bur du om bord, og reisa til og frå arbeidsperiode vert dekka av rederiet.
Oppstart juli/aug 2026.
Arbeidsoppgåver
- Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
- Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
- Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
- Oppgåver knytt til alarminstruks
- Verne- og miljøarbeid
- Kundehandsaming
Kvalifikasjonar
- Ferdigheitssertifikat matros
- Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
- Krise- og passasjerhandteringskurs
- Ferdighetssertifikat hurtiggåande MOB båt
- Ferdighetssertifikat IGF Grunnleggande
- Gyldig helseerklæring
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med tett samarbeid og har fokus på tryggleik og god service. Du bør ha vilje til å lære, stå på når det trengst og bidra til eit positivt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overeinskomst mellom NHO Sjøfart og Det Norske Sjømannsforbundet
- Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår!
- Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av
- Ein bur ombord i arbeidsperioden
- Dekka reisekostnader til/frå arbeidsperiode
- Treningsrom om bord i fartøyet
- Vi tilbyr gode ordningar og legg til rette for utvikling for deg som ønsker å ta steget vidare.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter , treningstøtte, behandlingsforsriking og gode rabattordningar
Kontaktinformasjon
Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.noArbeidssted
E395561 Føresvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5098648431
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
56a0182a-ce85-490c-acca-392da63c8d16
- Sist endret
17. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7413627d0f484d81bf7780bb3f1b5c98