Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

ØNH og kjevekirurgi poliklinikk SNR, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Opdølvegen 4, 6450 Hjelset

Om jobben

Oppstart
25. mai 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 20. mai

Seksjon ØNH og kjevekirurgi SNR søker vikar for sjukepleiar på ØNH/kjeve poliklinikken på SNR Hjelset frå snarast og til 27.12.2026. 

Poliklinikken kan tilby eit variert og interessant arbeid inkludert skiftestue og akutt hjelp. Du vil bli ein del av eit team med fem sjukepleiarar og ein assistent. Det er for tida ni legar og ein oralkirurg knytt til poliklinikken. Kun dagarbeid måndag til fredag. 


Arbeidsoppgåver

  • ØNH poliklinikk med søvnregistrering, allergitesting/desensibilisering, skopiar mm. samt reinhald av utstyr mm.
  • Assistere på mindre kirurgiske prosedyrer
  •  Kjevekirurgisk poliklinikk og operasjon

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Tidlegare relevant erfaring vil bli vektlagd
  • Gode norsk-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Fleksibel og samarbeidsvillig
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Personleg eignaheit blir vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Benny Blomkvist, Seksjonsleiar (lege), Benny.Blomkvist@helse-mr.no

Arbeidssted

Opdølvegen 4
6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5120939638
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 25.05.2026
Sluttdato: 27.12.2026
Søknadsfrist: 20.05.2026

Kontaktperson for stillingen

Benny Blomkvist

Seksjonsleiar (lege)

Benny.Blomkvist@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

56792b0b-7764-4509-b9c7-a5792bc7e38e

Sist endret

12. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f87a69851f084e79a34030be20b4eceb

Lignende annonser

Laster lignende annonser