Sjukepleiar nattevakt 34 %
Osterøy kommune
Osterøytunet 3., 5281 Valestrandsfossen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar nattevakt 34 %
Type ansettelse
Fast, deltid 34%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 19. mai
Om stillinga
Osterøytunet sine nattevakter fordeler seg med arbeid på alle avdelingar ved Osterøytunet. Dei er og ein del av utetenesta i kommunen. Du vil få opplæring i arbeidsoppgåvene du blir satt til
Stillinga er nattevakter kvar 3. helg med nokre vakter i tillegg i enkelte veker. Stillinga er ledig frå 01.07.2025
Arbeidsoppgåver
- Ansvarsvakter
- Heilskapleg omsorg og pleie
- Bistand og rettleiing utfrå pasienten sine behov
- Målretta miljøarbeid ved behov
- Praktiske sjukepleiaroppgåver i avdelingane
- Planlagte oppdrag til heimebuande
- Alarmer til heimebuande pasienter
- Dokumentasjon i journalsystemet Profil
Kvalifikasjonskrav
- Du må vera engasjert i eldreomsorg
- Utdanna sjukepleiar
- Må ha bilsertifikat
Vi tilbyr
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjartevarme
- Lønn etter tariffavtale
Om bedriften
Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.
Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy.
I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.
Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.
Sektor
Offentlig
Nettsted