Undervisningsinspektør
Skule, Kinn kommune
Havrenesvegen 4, 6905 Florø
Om jobben
- Oppstart
- 1. november 2026
- Stillingstittel
- Undervisningsinspektør
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 29. september
Vi søkjer etter ein engasjert undervisningsinspektør med gode fagkunnskapar og evne til å skape gode relasjonar til elevar og kollegaer. Vi forventar at nytilsette vil arbeide etter dei verdiar og i dei organisasjonsstrukturar som er gjeldande ved skulen vår. Aktuelle søkarar må rekne med intervju og kunne oppgje referanse.
Arbeidsoppgåver
Som undervisningsinspektør:
er du pedagogisk leiar for læringsmiljøet på trinn, med oppgåver knytt til fagleiing, personal, kartlegging og rapportering.
får du tildelt særskild leiaransvar for Individuelt Tilrettelagt Opplæring (ITO) og Særskilt språkopplæring.
vil du være sentral i arbeidet med læringsmiljø, fagutvikling og profesjonskultur.vil du være deltakar i skulens leiarteam.
vil du kunne få systemansvar på digitale fagsystem, vere med å forvalte vikarordning mm
bidreg du i kommunens nettverk for leiarar i oppvekstsektoren.
har du klare tankar om pedagogisk leiing og korleis du vil bidra til at slike tankar vert omsett til praksis.
vil du kunne fronte eit ressursperspektiv på menneske og tillitsbasert læringsleiing.
har du eit engasjement og interesse for tverrfagleg arbeid for barn og unge.
bidreg du til optimal ressursbruk og bærekraftig økonomistyring
Det kan bli lagt inntil 50% undervisning til stillinga. Den som blir tilsett må ha undervisningskompetanse tilsvarande kompetansekrav på ungdomstrinnet.
Kvalifikasjonar
Ønskjelege kvalifikasjonar:
lærarutdanning/ leiarutdanning, gjerne tilsvarande masternivå
leiarerfaring
erfaring fra grunnskule, helst ungdomstrinn
erfaring med sakshandsaming
kjennskap til relevant lovverk og sakshandsaming, spesielt knytt til Opplæringslova kapittel 11.
kjennskap til relevante fagsystem
relasjonsorientert og med evne til samhandling og rettleiing
Personlege eigenskapar
Evne til profesjonsetisk refleksjon
Initiativrik
Stor arbeidskapasitet
Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
Gode løns-og pensjonsvilkår
Tilgang til god kompetanseutvikling
Eit spanande og dynamisk kollegium!
Kontaktinformasjon
Jan Solheim, Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule, 91586981Kari Vårdal, Rektor Florø ungdomsskule, +47 97089809
Arbeidsstad
Havrenesvegen 46905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5180697592
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2026
Sluttdato: 31.10.2027
Søknadsfrist: 29.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Kari Vårdal
Rektor Florø ungdomsskule
+47 97089809
Jan Solheim
Konstituert rektor ved Florø Ungdomsskule
91586981
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
562b7baf-0b8a-4ffe-8130-eea153998257
- Sist endret
18. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a549e511d56e49aca14c59eaa172d03d