Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

FYSIKALSK MEDISIN OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Er du interessert i å arbeide med rehabilitering i eit tverrfagleg team, der fagleg samarbeid og heilskapleg tilnærming står i fokus?

Vi søker etter helsefagarbeider med interesse for/og erfaring med rehabilitering. Vi tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit bredt og engasjert tverrfagleg miljø. Vi har ledig 80% fast stilling som helsefagarbeidar/hjelpepleiar på sengeposten frå 03.08.26. Hos oss får du jobbe i eit tverrfagleg miljø med ein variert kvardag. Intern omrokkering kan gje andre ledige stillingar.
Aktuelle søkarar kan bli kontakta fortløpande.

Sengeposten er ein del av Seksjon for Fysikalsk medisin og rehabilitering som i tillegg til sengepost driv ambulante tenester og poliklinikk. Vi driv spesialisert rehabilitering med pasientar fra heile fylket. Pasientane som får tilbod om rehabilitering er personar med kompleks fysisk og/eller kognitiv funksjonsnedsetting som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjonar. Du vil bli ein del av eit tverrfagleg team med sjukepleiarar, legespesialistar, psykologspesialistar, logoped, sosionom, fysio- og ergoterapeutar som saman med pasientane kartlegg funksjon og lagar behandlingsplan. Vi har nært samarbeid med 1. linje tenesten ved utskrivingar.
Vi ser fram til å høyre frå deg!  Og sjekk gjerne vår Instagram Fysmed_alesund_hmr og vårt flotte nærområde Visit Ålesund.


Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere tiltak i forhold til pasientar
  • Utøve pleie, stell og aktivisering
  • Samarbeid med tverrfagleg team om oppgåver og behandling rundt pasientane
  • Rapportere og dokumentere 
  • Medansvar for det totale sjukepleietilbodet i seksjonen
  • Ansvarleg for egen fagutøving på alle plan i medhald av gjeldande lovar og regelverk
  • Taushetsplikt i medhald av gjeldande lovverk

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som hjelpepleiar/helsefagarbeidar
  • Må beherske norsk meget godt, både skriftleg og munnleg
  • Gjerne erfaring med rehabilitering av våre pasientgrupper
  • Erfaring frå tverrfagleg samabeid er positivt

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du er fleksibel, løysningsorientert, sjølvstendig og har gode arbeidsrutinar
  • Du kan arbeide strukturert i eit høgt arbeidstempo
  • Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
  • Du har  evne til å gi og ta imot tilbakemeldingar
  • Du er ein pådrivar og bidragsyter til læring, utvikling og godt arbeidsmiljø

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
  • Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg.Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar,  70105741, synnove.opsahl.melseth@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5100670963
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 26.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Synnøve Opsahl Melseth

Seksjonsleiar

70105741

synnove.opsahl.melseth@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

562a86e2-cf9d-42ec-bbaf-fd6293b348bd

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8d45132f61ce404aaa5a39ed12f0dc25

Lignende annonser

Laster lignende annonser