seniorkonsulent/rådgjevar
Bergen fengsel
Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje
Om jobben
Stillingstittel
HMS/HR medarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 10. desember
Om stillinga
Bergen fengsel søkjer kollega til HR- seksjonen i 100% stillingVi søkjer deg som har evna til å få HMS til å bli ei solskinshistorie og som liker å jobbe med heile bredda innan HR, HMS, bemanning og løn. Er du i tillegg sjølvstendig, ansvarsbevisst, likar utfordringa og har godt humør, passa du godt inn hjå oss.
Den som blir tilsett vil ha eit tett samarbeid med leiarar og tilsette og må være en dyktig relasjonsbyggjar.
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide og følgje opp systematisk HMS arbeid og utvikle forslag til nye rutinar og prosessar
- delta i rekrutteringsprosessar frå utlysning til tilsetting, onboarding og offboarding
- sakshandsaming og rådgjeving innan HMS, HR og partsamarbeid
- bistå innafor administrative oppgåver som til dømes tenesteoppsett og løn
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må haSeniorkonsulent- Relevant universitet/høgskuleutdanning tilsvarande bacholor nivå innan administrasjon/økonomi/HR. Formell utdanning kan erstattast av lang og relevant arbeidserfaring
- God kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system/verktøy
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- stillingsinnehavaren skal kunne ta sjølvstendige beslutninger innafor gitte rammer, vise initiativ, planleggje, organisere og dele eigen kunnskap
- relevant høgskole- eller universitetsutdanning på bachelornivå, og 3 års relevant erfaring. Lang, relevant erfaring kan unntaksvis kompensere for manglende formell utdanning
- kunnskap om relevant lov- og avtaleverk (Statsansatteloven, Statens personalhåndbok, Hovedtariffavtalen i staten og Hovedavtalen i staten)
- beherske sjølvstendig saksbehandling, rådgjeving, analyse og utvikling innafor eit gitt fagområde.
- vise initiativ, planleggje, organisere og dele kunnskap
- god muntlig og skriftlig fremstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - systemer eller verktøy
- kjennskap til HR-verktøy som SAP, GAT, Elements, Jobbnorge
- kompetanse frå arbeid med GAT og DFØ (SAP)
- kjennskap til arbeidsmiljølova, Hovudavtalen og Hovedtariffavtalen i staten
- Excel-kunnskap
Personlege eigenskapar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- personlege eigeskapar i tråd med kriminalomsorgens verdiar
- personlege eigenskapar vil bli vektlagd
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- arbeidsveke måndag til fredag på dagtid med fleksibel arbeidstidsordning
- gratis parkering, bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag og treningstilbod
- Oppstart etter avtale
Stillinga er løna som seniorkonsulent kode 1363 frå kr. 459 200- 635 400, eller rådgjevar kode 1434 frå kr. 548 600 - 708 000 avhengig av ansiennitet og kompetanse. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til administrasjonssjef Eirill Indrebø tlf. 55393752 /95112964
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll.
Region vest har ca. 500 tilsette i Vestland og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligg i Bergen.
Bergen fengsel er eit av dei største fengsla i landet. Kvinner og menn kan sone i Bergen fengsel. I Bergen fengsel har vi fokus på individuell fangehandsaming og tverrfagleg samspel.
Sektor
Offentlig