Hopp til innhold

Røkter Måløy

Arbeidsgiver

Blom Fiskeoppdrett AS

Sted

6700 Måløy

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Vil du være med å produsere berekraftig mat som vert sendt ut til heile verden? No søkjer me etter ny medarbeidar som kan bidra til å røkte fisk på lokaliteten vår i Måløy.

Som røkter hos oss blir du satt til å løyse spennande utfordringar saman med andre røktarar i teamet. Ingen dagar er like og du vil møte mange ulike utfordringar. Du får følge heile produksjonen frå den vert frakta frå land og satt i sjø, videre ut gjennom produksjonen og fram til slakt, samt alle operasjonar som er nødvendig før, under og etter eit utsett.

Som røkter vil du kunne få ulike ansvarsoppgåver knytt til produksjon og drift av eit anlegg. Du må kunne arbeide sjølvstendig, men samtidig bistå andre om nødvendig. Produksjon av fisk er ein biologisk prosess og mykje kan endra seg fort. Fleksibilitet og evne til å prioritere rett er viktig. Dersom dette høyrast spennande ut, oppmodar me deg til å søkje!

Me har ein lokalitet i Måløy som heiter Silda. Fôring på lokalitetane vert i hovudsak styrt frå ein fôrsentral i Øygarden av dyktige operatørar som du vil arbeida tett med. Fôrsentralen er avhengig av god forståelse av situasjonen på merdkanten og deira utstyr må fungere. Derfor er det viktig med eit godt samarbeid mellom lokalitetane og fôrsentralen slik at alle kan få større innsikt, spele kvarandre gode og hjelpe kvarandre.

Evne til samarbeid, løyse utfordringar, kommunisere og tileigne seg ny kunnskap er viktig for å jobbe som røkter. Me trenger fleire som kan være med å løfte dette samarbeidet og styrke dette teamet. Kanskje er du den me ser etter?

 

Arbeidsoppgåver

  • Røkting av ørret
  • Drift av eit oppdrettsanlegg
  • Planlegge arbeidsoppgåver og løyse ulike utfordringar
  • Registrering av data og rapportering

Din kompetanse/erfaring

  • Fagbrev eller relevant utdanning innan akvakultur er ønskeleg
  • Relevant arbeidserfaring er naudsynt
  • Forståelse for biologi og teknologi

Personlege eigenskapar:

  • Gode evner til å kommunisere og samarbeide
  • Strukturert, sjølvstendig og god på planlegging av arbeid
  • Evne til å ta til seg kunnskap og lærdom av andre, samt formidle vidare

Me tilbyr:

  • Arbeid i ei framtidsretta og spennande næring
  • Ein arbeidskvardag med både biologi og teknologi
  • Eit godt arbeidsmiljø i vakre Måløy

Kontaktperson for stillingen

Robert Mikkelsen

Produksjonssjef

rm@blomsea.no

Om bedriften

Blom Fiskeoppdrett AS er ei familieverksemd som vart stifta i 1971 av oppdrettsveteranen Andreas Blom; ein av pionerane i Noreg innan oppdrett av laks og aure. Selskapet har hovudkontor i Blomvågen i Øygarden kommune, 45 min køyretur frå Bergen sentrum. Me disponerer i dag 8 konsesjonar for laks og aure på lokaliteter i Måløy, Radøy, Meland, Fensfjorden og Øygarden, samt tre settefiskkonsesjonar, ein på Askøy og to i Øygarden kommune. I dag er det omlag 60 tilsette i selskapet.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

56020c55-4ebf-455f-915f-0bf2a427ead0

Sist endret

27. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

706b9e0776d249d39dd0755aa82d961b

Lignende annonser

Laster lignende annonser