Sjukepleiar - tilkallingsvikar
Bø sjukeheim Jønneberg Vihus
Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar - Sjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 5
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. juni
Vil du bruke kompetansen din der den virkeleg betyr noko? Ynskjer du å jobbe i eit miljø der både humor og profesjonalitet får plass? Då ynskjer me deg velkommen som tilkallingsvikar som sjukepleiar hos oss!
Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg og Vihus treng fleire sjukepleiarar som tilkallingsvikarar. I helgene har me 12,5 timers vakter. I løpet av dei 12,5 timane er det lagt opp til to pauser à tre kvarter.
Jønneberg og Vihus er lokalisert i andre etasje på sjukeheimen som ligg sentralt til i Bø sentrum. Per i dag driftar me 4 avdelingar, 2 langtidsavdelingar og 2 korttidsavdelingar. Totalt er det 30 rom.
Me søker etter deg som er ansvarsfull, engasjert og som møter alle mennesker med respekt.
Hos oss jobbar du med kollegaer som er imøtekommande og som er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Utøva sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
- Pasientvurdering og oppfølging
- Medikamenthåndtering
- Pleie og omsorg
- Behandling og rehabilitering
- Legevisitt
- Tverrfaglig samarbeid
- Ansvarsvakt
- Kvalitetssikring og fagutvikling
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Autorisasjon som sjukepleiar
- Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg, minimum B2 nivå
- Erfaring frå eldreomsorg
- Kjennskap til Profil EPJ
- God kjennskap til bruk av data som verktøy, jf. dokumentasjonsplikt
Personlege eigenskapar
- Være opptatt av fagleg kvalitet og utvikling
- Sjølvstendig og ansvarfull
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Strukturert, løsningsorientert og positiv
- Evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt ved ansettelse
Vi tilbyr
- Jevnlige møtepunkt; personalmøter og sjukepleiarmøter
- Fagleiar i 90% stilling som jobber med fagutvikling og koordinering
- Institusjonslege i 100% stilling med visitt for avdelinga to gonger i veka
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gratis parkering
- Kantine
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Tone Heimdal Veting, Avdelingsleiar, +47 92255565Arbeidsstad
Gamleveg 433802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 5127847269
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 08.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Tone Heimdal Veting
Avdelingsleiar
+47 92255565
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
55ffed81-0282-4dd7-be1b-cc6e8828571e
- Sist endret
12. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9a8ce0d7002e41e68acedf213f9633e3