1.maskinist i sambandet Fedje-Sævrøy, p.t. MF Fedjebjørn
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Fv568, 5943 Austrheim, 5947 Fedje
Om jobben
- Stillingstittel
- 1.maskinist til sambandet Fedje-Sævrøy, p.t. MF Fedjebjørn
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 19. desember
Fjord1 har no ledig langtidsvikariat som 1.maskinist i sambandet Fedje-Sævrøy, som er trafikkert av den elektriske ferjen MF Fedjebjørn.
Som 1.maskinist vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta av fartøyet. Du blir maskinsjefens stedfortredar og får ansvar for å sikre trygg og effektiv drift av maskin og teknisk system. Arbeidet krev solid fagleg kompetanse, høgt fokus på tryggleik og vilje til kontinuerleg utvikling.
Dette er ei spennande stilling i eit innovativt rederi som satsarpå grøn teknologi og moderne løysningar. Du får jobbe med toppmoderne utstyr på ei stillegåande og energieffektiv el-ferje og vere med på å forme framtida for miljøvenleg sjøtransport.
Oppstart så snart som mogleg. Aktuelle søkjarar vert kontakta fortløpande.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehalde av maskineri/komponentar i henhald til AMOS vedlikehaldssystem.
- Oppgåver iht. alarminstruks
- Føre maskindagbok/kladd og oljedagbok i samsvar med interne og eksterne krav.
- Samarbeid med maskinsjef for å sikre at tryggleikstyringssystemet vert fulgt og at det er samsvar med ISM koden.
- Sjå til at personell som utfører arbeid i maskin nyttar verne- og tryggleiksutstyr.
- Utvikling og opplæring av personell som er underlagt maskin.
- Oppdatere og ajourhalde jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt.
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine tegningar og tekniske manualar.
- Ansvar for bunkring av gass og olje.
- Halde dagleg oversikt over behaldning og forbruk av brennolje, smøreolje og ferskvatn.
- Oppfølging og bestilling av reservedeler og utstyr innanfor sitt ansvarsområde.
- Sørge for at stoffkartoteket er tilgjengeleg og oppdatert.
- Sørge for reinhald og brannførebygging innanfor sitt ansvarsområde.
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M3
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforeskrifta
- FSE E-læringskurs
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein engasjert og dyktig 1.maskinist som kan ta ansvar for vedlikehald og drift av maskineriet om bord. Du må være strukturert, løysingsorientert og ha fokus på tryggleik, og effektivitet i arbeidet. I tillegg set vi pris på god humør og evna til å bidra positivt til arbeidsmiljøet om bord.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Maskinistforbund
- Sjøvakt 2 veker på og 2 veker av. Ein bur ombord i arbeidsperioden
- Eit godt arbeisdmiljø med dyktige kollegaer
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar
- Reise til og frå arbeidsperiode blir dekka av arbeidsgjevar
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere i Fjord1
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5947 Fedje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5050162040
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 19.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
55f694ea-23ff-4519-8f79-4b275c5ef057
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
26bb88d4b2154236bc59bd5a86121d6b
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Fana, Storebø
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Austrheim, Fedje
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Dalsøyra, Fonnes