Barnevernkonsulent
2.gongs lysing
Rådhuset, 5685 Uggdal
Om jobben
Stillingstittel
Barnevernkonsulent 2.gongslysing
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Tysnes kommune har ledig års vikariat som barnevernkonsulent i barneverntenesta.
Barneverntenesta er organisert under eining for barn og familie, saman med helsestasjon, jordmor, og psykisk helseteneste for barn og unge. Barneverntenesta har tilsaman 5 årsverk, fordelt på fire fagstillingar inkludert leiar, samt ei stilling som tiltaksarbeidar.
Til ledig stilling søkjer me ein person som kan bidra til å vidareutvikle fagmiljøet i tenesta og eininga barn og familie. Ut frå samansetning av personale i barneverntenesta, vil det verte tilpassa oppgåver med bakgrunn i rett kompetansebruk.
Arbeidsoppgåver
- Sakshandsaming etter lov om barneverntenester, herunder oppfølging av barn, unge og deira familie
- Barnevernfagleg kartlegging- og utgreiingsarbeid
- Delta i rettleiing, samt inngå og vere ein aktiv deltakar i internt samarbeid
- Delta i tenesta sitt utviklingsarbeid for å etablere ei open og tilgjengeleg barnevernteneste, og bidra til kompetanseheving
- Partsrepresentant i fylkesnemnd og øvrig rettsinstans ved behov
- Bidra til samhandlingskultur som sikrar god tverrfagleg og tverrsektoriell medverknad
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskuleutdanning, fortrinnsvis barnevernspedagog eller sosionom
- Erfaring frå barnevernsarbeid, særskilt sakshandsaming er eit føremon.
- Kunnskap om gjeldande lovverk og avtaleverk
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsferdigheiter
- Førarkort kl.B
- Politiattest må framleggast før tiltreding i stillinga.
Personlege eigenskapar vil bli særskilt vektlagt i stillinga, med fokus på evna til relasjonsbygging, sjølvleiing og målretta arbeid. Sertifikat er ein føresetnad for tilsetjing.
Utdanningsnivå
Personlege eigenskapar
For å fylle den ledige stillinga leitar me etter deg som:
- er engasjert i barn og unge sine oppvekstvilkår
- har evne til å sjå barn og unge i deira situasjon
- har gode kommunikasjon- og samarbeidsevner, og er ein relasjonsbyggar
- ser verdien av tverrfagleg praksis
- kan arbeide sjølvsendig og vere fleksibel
Vi tilbyr
- Eit inkluderande og profesjonelt arbeidsmiljø i ein godt fungerande organisasjon med fokus på fag og fagutvikling
- Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver
- Fokus på utvikling og kompetanseheving
- Generell lønsplassering samsvar til hovudtariffavtalen
- Tenestebil er tilgjengeleg i arbeidet
- Fleksible arbeidstidsordning
- God pensjonsordning gjennom KLP
Mangfaldserklæring
Tysnes kommune ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Me ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Eva Grov, 90251107, eva.grov@tysnes.kommune.noArbeidsstad
Rådhuset5685 Uggdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tysnes kommuneReferansenr.: 4642424324
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.04.2023
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2296030
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cfc7d69384ca4b3eb667c6a0b2641f2e