Yrkesrådgjevar og lærar
Hjelmeland kommune Hjelmeland skule
Ramsbu 11, 4130 Hjelmeland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Me søkjer etter yrkesrågjevar og lærar til Hjelmeland skule frå 01.08.2025. Stillinga er 100 % fast.
Hjelmeland skule ligg sentralt plassert i Hjelmeland. Me er ein 1-10 skule delt på to bygg, eit for barneskulen og eit for ungdomsskulen. Ungdomskulen er i eit nytt modulbygg medan me ventar på heilt ny skule om 1,5 år. Skulen har 210 fantastiske elevar, og eit positivt og humørfyllt kollegium. Visjonen vår er "Me gjer kvarandre gode" og me legg vekt på samarbeid og trivsel i kollegiet.
Det kan og vere moglegheit for at me treng personar til fleire lærarstillingar, då er det evt. i vikariat i ulike fag.
Kvalifikasjonar og vilkår
- erfaring og/eller utdanning som yrkesrådgjevar
- formelt kvalifisert som lærar for undervisning i grunnskulen
- munnlege og skriftlege norskferdigheiter vil bli vektlagt
- ein fordel med erfaring innan pedagogisk bruk av læringsteknologi
Me søkjer etter ein person som
- har evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
- har eit pedagogisk engasjement, der elevane er i fokus
- er ein tydeleg klasseleiar
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- bidreg til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- er utviklingsorientert og villig til å ta initiativ
- er løysingsorientert og fleksibel
- kan setje deg inn i nye arbeidsoppgåver og tileigne deg ny kunnskap
Me tilbyr
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ein skule som er engasjert i pedagogisk utviklingsarbeid
- gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- rettleiing av nyutdanna
- god seniorpolitikk
- bedriftskunstforeining
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
I Hjelmeland kommune jobbar me aktivt for å byggja heiltidskultur. Gjennom lokal erklæring om heiltid skal me redusera deltidsstillingar og tilby 100 % stilling som hovudregel.
Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn.
Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.
Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.
Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside.
Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 00 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2916289
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3471117_203787_nn