Vikariat skipsførar Husavik - Sandvikvåg, pt. MF Husavik
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
E39 13, 5419 Fitjar, 5396 Vestre Vinnesvåg
Om jobben
- Stillingstittel
- Skipsførar i sambandet Husavik - Sandvikvåg, pt. MF Husavik
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Skift
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 6. januar
Som skipsførar vil du ha ei sentral rolle i å sikre trygg og effektiv drift av sambandet. Dette er ei stilling med stort ansvar og gode moglegheiter til å påverke den daglege drifta av fartøyet. Du vil vere ein viktig bidragsytar til at både passasjerar og mannskap får ei god oppleving, og du vil ha tett dialog med kollegaer både om bord og på land.
Hos oss får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Skiftordning: Døgnvakt -12 dagar på og 9 dagar av. I arbeidsperioden jobbar ein eitt døgn på og eitt døgn fri.
I den forbindelsen bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Husavik eller Sandvikvåg då rederiet ikkje har bofasiliteter det døgnet ein har fri.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for sikker drift av skip, tydeleg og trygg leiar ovanfor mannskap.
- Ansvar for at fartøy driftast i henhald til styringssystem, lovar og forskrift.
- Bidra til energieffektiv og trygg drift av fartøyet gjennom målretta oppfølging av SEEMP-tiltak, energileiing og optimal bruk av teknisk utstyr i samsvar med ISO 50001.
- Personalansvar for mannskap på eige skift.
- Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks skipsførar
Kvalifikasjonar
- Minimum D3
- ROC/GMDSS-sertifikat
- ECDIS-kurs
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein erfaren og dyktig skipsførar med sterk forståelse for sikker navigasjon, operativ leiing og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevande situasjoner med ro og besluttsomheit, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Erfaring frå ferjedrift eller tilsvarande vil vera ein fordel.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Dyktige kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Skiftordning: Døgnvakt - 3 skift - 12 dagar på og 9 dagar av
Kontaktinformasjon
Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.noArbeidsstad
5396 Husavik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5056090620
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.01.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
55cd6ca0-0034-4192-b795-bb62aff5f0f1
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a79ff2461987499aa0db8a4b51248527
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Hordvik
1.maskinist til sambandet Fedje-Sævrøy, p.t. MF Fedjebjørn
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Fedje, Austrheim
1.maskinist i sambandet Hufthamar-Krokeide, p.t. MF Møkstrafjord
Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Sted
Fana, Storebø