Vil du jobbe i eit område der folk kjenner kvarandre, bustadmarknaden er aktiv og relasjonar betyr noko?
Eiendomsmegler 1 Sogn og Fjordane
Strandgata 45, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Eigedomsmeklar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. august
EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane hjelper kundar gjennom ei av dei viktigaste avgjerdene i livet. Med lokal kompetanse, lang erfaring og sterke fagmiljø er målet vårt enkelt: å vere den føretrekte eigedomsmeklaren i Sogn og Fjordane.
No ser vi etter ein autorisert eigedomsmeklar som vil vere med å vidareutvikle marknadsposisjonen vår i Florø og Kinn. Her får du jobbe tett på kundane i eit etablert lokalmiljø, samtidig som du får tilgang til eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring.
Florø-kontoret består av fem tilsette og har sterk lokal forankring. Samtidig har du kollegaer og faglege ressursar i heile EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane. Vi deler kompetanse på tvers av kontora og bruker kvarandre aktivt som sparringspartnarar i kvardagen.
Arbeidsoppgåver
-
Formidle bustader og nybygg i Florø og omegn
-
Gjennomføre synfaringar, verdivurderingar, visingar og bodrundar
-
Følgje opp kundehenvendingar og leads frå eigne og felles kanalar
-
Følgje kundane gjennom heile salsprosessen
-
Samarbeide tett med rådgivarar i SpareBank 1 Sogn og Fjordane
-
Bidra til vidare vekst og synlegheit i marknaden
Kven ser vi etter
Du er autorisert eigedomsmeklar og trivst med å jobbe tett på både kundar og lokalmiljø. Du er oppteken av å levere kvalitet i arbeidet ditt og skape gode kundeopplevingar frå første møte til handelen er gjennomført.
Vi trur du lykkast hos oss dersom du er relasjonssterk, målretta og tillitsvekkande. Du jobbar strukturert, tek ansvar for eigne resultat og har evne til å skape aktivitet i marknaden. Kjennskap til Florø og Kinn er ein fordel, men ikkje eit krav. Kanskje ønskjer du å flytte heim att eller etablere deg i ein region med gode moglegheiter både profesjonelt og privat.
Kvifor velje oss
Som eigedomsmeklar hos oss får du ein sterk marknadsposisjon i ryggen. EiendomsMegler 1 og SpareBank 1 Sogn og Fjordane er kjende namn i regionen. Det gir deg gode føresetnader for å lukkast og utvikle deg vidare som eigedomsmeklar.
Vi tilbyr provisjonsbasert garantiløn og gode moglegheiter for høg inntening. Du får gode pensjons- og forsikringsordningar, funksjonærvilkår på banktenester og tilgang til banken sine hytter og leilegheiter.
Har du spørsmål om stillinga, er du velkomen til å ta kontakt med konstituert dagleg leiar, Kjartan Aarnes
Søknadfrist: 31. august Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av søkarar for å verifisere opplysningar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Bakgrunnssjekk blir gjennomført av Semac AS etter at kandidaten er orientert om, og har samtykka til det. For stillinga krevst det gyldig politiattest, som må leggjast fram før tilsetjing.Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
55b09fe9-574c-4f81-b56c-f2ac5a01c231
- Sist endret
13. august 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
472891905