Undervisningsstilling språkfag og media
STO - STORD VGS, Vestland fylkeskommune
5412 Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Undervisningsstilling språkfag og media
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 25. mai
Stord vgs. er ein framtidsretta og mangfaldig regionskule med breitt fagtilbod. Me tilbyr ei rekkje yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram, opplæring for vaksne, innføringstilbod, og me er i tillegg knutepunktskule for individuelt tilrettelagt opplæring. Stord vidaregåande skule ligg flott plassert midt i sentrum av Leirvik, med eitt skulebygg på Saghaugen og eit heilt nytt og moderne skulebygg på Vabakkjen. Skulen har lange tradisjonar for tett og godt samarbeid med næringslivet og bidreg med dette til å utvikla regionen.
Stord vgs. er skulen som førebur deg for framtida – FRAMTIDA LIGG OPEN
Ved avdeling for språk, samfunnsfag og økonomi og media og kommunikasjon har me for skuleåret 2025-2026 ledig om lag 200 % fast stilling og 70 % årsvikariat. Dette fordeler seg på desse faga: Engelsk, norsk, norsk/samfunnsfag på vaksenopplæringa, norsk som andrespråk, framandspråka tysk/spansk og mediefaget mediesamfunnet.
Arbeidsoppgåver
- Planleggja, gjennomføra og evaluera undervisning
- Samarbeid med andre på skulen
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse
- Undervisningskompetanse innan aktuelt fagområde
- Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggja fram godkjent politiattest
- Alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månader
Personlege eigenskapar
- Interesse for ungdom og evne til å skapa gode relasjonar
- Evne til å engasjera elevar i læringsaktivitetar og skapa relevans i opplæringa
- Gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- Lønn og lønnsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønnspolitikk
- Gode pensjons- og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Engasjert fag- og arbeidsmiljø
- Spennande arbeid i samspel med elevar, føresatte og kollegaer
Kontaktinformasjon
Arild Ingvaldsen, avdelingsleiar, 97540187Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4967105161
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 25.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Arild Ingvaldsen
avdelingsleiar
97540187
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2939243
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aa050013763747ebaea97559291de594