Hopp til innhold

Politibetjent 3/2/1

Arbeidsgiver

Møre og Romsdal Politidistrikt

Sted

Vågavegen 147, 6630 Tingvoll

Om jobben

Stillingstittel
Fast stilling som politibetjent 3/2/1
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. september

Om stillinga

Vi har for tida ledig to faste stillingar som politibetjent 3/2/1 ved Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt.

Vi søkjer deg som har høg motivasjon for å arbeide i kombinert stilling med vakt og beredskap, etterforsking og førebygging, og som vil vere med på å utvikle polititenesta i Indre Nordmøre politistasjonsdistrikt. Arbeidsstad er for tida Tingvoll politistasjon.

Vi kan tilby eit inkluderande og sterkt arbeidsfellesskap med spennande og varierte arbeidsoppgåver, der vakt og beredskap og etterforsking vil vere ein viktig del. I delar av døgnet er beredskapen dekt av beredskapsvakt med utrykking frå heimen. Stillinga legg til rette for rask fagleg utvikling gjennom tidleg ansvar og stor variasjon mellom fleire fagfelt.

I tillegg til ein utviklande jobbkvardag, byr Tingvoll og Indre Nordmøre særleg på variert og storslått natur med høve til god livskvalitet, toppturar og anna friluftsliv året rundt. Vi ligg plassert med ein kort kjøretur til både Kristiansund og Molde med flyplassar og rikt kulturliv.

Tingvoll er ein kommune der ein kan få sletta delar av studielån. Meir informasjon finn du her: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/ny-ordning-for-sletting-av-studielan-no-startar-oppteninga/id3080225/

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Dette ser vi etter hos ein ny medarbeidar

Vi ser etter motiverte personar som er interesserte i å møte utfordringar knytt til kriminalitetsnedkjemping. Vi stiller høge krav til fagleg kompetanse, arbeidsmoral og etisk integritet.

Vidare søkjer vi etter medarbeidarar som opptrer profesjonelt til ei kvar tid og fungerer som gode ambassadørar for politiet gjennom handlingane sine i det daglege arbeidet.

Vi er på jobb for eit trygt Noreg. Som ein del av politiet sitt viktige samfunnsoppdrag, skal vi førebyggje og nedkjempe kriminalitet, skape tryggleik og vareta rettstryggleiken. Vi trur at mangfald bidrar til betre oppgåveløysing, og søkjer derfor medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaring, perspektiv og kompetanse. Dersom du har behov for tilrettelegging i rekrutteringsprosessen eller arbeidskvardagen, vil vi gjere vårt beste for å gi deg det du treng.

Arbeidsoppgåver

  • arbeid innanfor vakt og beredskap i turnusteneste etter gjeldande tenestelister
  • etterforskingsoppgåver
  • utføre etterforsking med politiarbeid på staden (PPS) som arbeidsmetode
  • kriminalitetsførebyggande arbeid
  • arbeid med forvaltning og sivile gjeremål
  • delta i politistasjonsdistriktet si beredskapsteneste
  • andre oppgåver kan påleggast

Kvalifikasjonar

Dette må du ha for å vere kvalifisert:

  • bestått grunnutdanning frå Politi(høg)skulen. Vitnemål skal leggast ved søknaden.
  • IP4-godkjenning, eventuelt at du kan bli godkjent på nytt
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga

Det er også ønskjeleg med:

  • erfaring frå politistilling
  • anna relevant erfaring
  • gode resultat frå utdanning ved Politi(høg)skulen
  • etter-/vidareutdanning frå Politi(høg)skulen / anna relevant tilleggsutdanning

Personlege eigenskapar

For å trivast og lukkast i stillinga, ser vi for oss at du har:

  • Robust, med dette meiner vi at du må håndtere å stå i tøffe psykisk og fysisk belastande oppdrag
  • gode samarbeidseigenskapar
  • god evne til kommunikasjon og evne til å byggje tillit hos publikum
  • kan jobbe sjølvstendig og strukturert
  • tar initiativ

Som medarbeidar i politiet har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og medarbeidarplattformen her.

Dette kan vi tilby om du vel oss

  • meiningsfylte oppgåver med tidleg ansvar og stor variasjon
  • fagleg utvikling, sjølvstendigheit og eit sterkt fellesskap
  • fast stilling i Møre og Romsdal politidistrikt. Stillinga vert lønna som politibetjent 3/2/1 (SKO 1461/1459/1457).Tilsetting er avhengig av kompetanse, jf. Kompetansekriteriene for politibetjenter.politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 590 000 - 640 000
    politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 535 000 - 585 000
    politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000 - 560 000
    For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • ved andre tjenesteområde vert det gitt lønnsplassering etter gjeldande lønnsnivå for området
  • godtgjersle etter gjeldande ATB som for tida er kr. 44 708 og tillegg for eventuell turnusteneste
  • medlemskap i Statens pensjonskasse. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå lønna til innskot i Statens pensjonskasse.
  • moglegheit for trening i arbeidstida
  • tilknyting til bedriftshelsetjeneste og fordelar ved å tilhøyre ei IA-bedrift

Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.

Mangfald i politiet

Dersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju.

Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her.

Opplysningane du gir, blir brukt til å utarbeide anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.

Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_Wc

Slik søkjer du

Du søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju.

Opplysningar om deg kan bli offentleggjorde sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Kontaktpersoner for stillingen

Gunnar Gullikstad Hagen

Tenestastadsleiar

+4748956290

Olav Bråten

Politistasjonssjef

+4791584556

Om bedriften

Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer med ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde som Trollheimen, Romsdalsfjella, Sunnmørsalpane og Tafjordfjella set naturlege avgrensingar i fylket og politidistriktet. 

Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Politidistriktet har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.

Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Elin Drønnen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar og sommaråpen politistasjon i Geiranger. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

55781e5b-4175-49fd-97a7-7f6f3533739a

Sist endret

27. august 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10307137

Lignende annonser

Laster lignende annonser