Helsefagarbeidar - 100% fast Manger heimeteneste
Alver kommune
Idrettsvegen 2, 5936 Manger
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100% fast Manger heimeteneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Velkomen til ein spanande arbeidskvardag i heimetenesta avdeling Manger!
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar med oppstart snarast råd. Stillinga er 35,5 t/v i todelt turnus, med arbeid kvar 3. helg.
Arbeidsoppgåver
Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim. Tenestene femnar m.a. om heimesjukepleie, heimehjelp, middagslevering og administrasjon av medisinar. Det er krav om at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. Arbeidet i heimetenesta krev tverrfagleg samarbeid til beste for brukarane, både innan kommunen og ut mot spesialisthelsetenesta.
Som helsefagarbeidar skal du yte helsehjelp etter vedtak - generell pleie og omsorg, medisinadministrasjon etter delegering, hjelp med ernæring og anna hjelp jf. prosedyrar
Om avdelinga
Heimetenesta i Alver er delt inn i 7 geografiske områder der Manger heimeteneste er lokalisert sentralt på Manger. Avdelinga er samansett av sjukepleiarkompetanse, helsefagarbeidarkompetanse og assistentar. Avdelinga har ca 32 årsverk. Avdelinga gjev tenester til heimebuande i området og til bebuarar som bur i bustad med heildøgnstilbod (bustadene er og sentralt på Manger). Manger heimeteneste kan tilby eit godt og stimulerande arbeidsmiljø. Vi er ei avdeling i stadig utvikling og har eit felles fokus på gode tenester.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert helsefagarbeidar/hjelpepleiar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
Kven er du?
Du er inspirerande og engasjert i faget. Du kan prioritera i ein travel kvardag, og trivst både med å arbeide sjølvstendig og som del av eit team. Vi ser etter deg som har evne og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og skape arbeidsglede i ein hektisk kvardag. Du er fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga. Du er i tillegg løysingsorientert og fleksibel. Du har gjerne erfaring frå arbeid i heimetenesta, og fortrinnsvis erfaring med arbeid opp mot eldre og personar med demens.
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Årsturnus
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune!
Om bedriften
Som medarbeidar hos oss har du ein spanande og varierande arbeidskvardag. Me legg vekt på fagleg kvalitet, og gode tenester ut til brukarane våre. Me skal bidra til at den enkelte skal kunne bu heime så lenge som mogeleg og ha god livskvalitet. «Kva er viktig for deg» samtalen med fokus på auka brukarmedverknad, styrkar målet om å gje «Rett teneste, til rett tid på rett stad»
Heimetenesta har avdelingar i ulike geografiske område; Manger , Frekhaug, Knarvik( 2 avdelingar) , Ostereidet, Alversund og Lindås.
Avdeling Manger, Ostereidet og Lindås driftar også omsorg pluss bustadar. Kvar avdeling er organisert med eigen avdelingsleiar og fagansvarleg.
Dagsenter til heimebuande er organisert under heimetenesta. Dette er eit tilbod til personar med demensdiagnose og andre med somatisk hjelpebehov. Desse er lokalisert på Manger, Alversund, Frekhaug og Knarvik.
Sektor
Offentlig
Nettsted