Hopp til innhold

Lege i spesialisering indremedisin

Arbeidsgiver

AVDELING MEDISIN ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Sted

Åsehaugen 5, 6017 Ålesund

Om jobben

Stillingstittel
Lege i spesialisering indremedisin
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest torsdag 26. februar

Vi ved seksjon for medisinske legar ved Klinikk Ålesund sjukehus har ledig både fast stilling og vikariat for lege i spesialisering indremedisin.

Vi har ledig både fast stilling og vikariat i spesialiseringsløp innan indremedisin med tilsetjing frå 1.3, eller etter avtale.

Ved intern omrokkering kan andre stillingar bli ledige.

Medisinsk avdeling er ein del av Klinikk Ålesund sjukehus. Den inneheld tre sengepostar, poliklinikkar, dialyseeining og intensivsenger. Avdelinga har alle fagseksjonar innanfor indremedisin inkludert egen slageining. Vi har 3-delt vaktordning med LIS1 og LIS3 til stades heile døgnet og seksjonert bakvakt i kardiologi og nefrologi i tillegg til generell bakvakt.

Seksjonen er kjent for eit godt og trygt arbeidsmiljø med samarbeid og høgt fagleg nivå som viktige mål. Høg kvalitet på LIS-utdanning blir prioritert. Vi har fadderordning for nye LIS og har følgevakt i starten.

Tryggleik og meistring er viktig for oss.

Ikkje nøl med å ta kontakt. Vi ser fram til å få deg med på laget!

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.   

Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid ved poliklinikk og sengepost 
  • Deltaking i avdelinga si vaktordning (akuttmottak)
  • Supervisjon/rettleiing av LIS1 
  • Internundervisning 
  • Utviklings- og forbetringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
  • Kommunikasjon- og samarbeidsevner internt og eksternt
  • Evne til fleksibilitet
  • Gode språkkunnskapar i norsk/skandinavisk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å samarbeide
  • Du bidreg til innovasjon

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her!

Kontaktinformasjon

Jørn-Åge Longva, Avdelingssjef (lege), 93423140, Jorn-Age.Longva@helse-mr.no
Øyvind Yksnøy, Seksjonsleiar (lege), Oyvind.Yksnoy@helse-mr.no

Arbeidssted

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5075395845
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 26.02.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Øyvind Yksnøy

Seksjonsleiar (lege)

Oyvind.Yksnoy@helse-mr.no

Jørn-Åge Longva

Avdelingssjef (lege)

93423140

Jorn-Age.Longva@helse-mr.no

Om bedriften

Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Akuttsjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, og på Hjelset i Molde kommune. I SNR Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

554e8213-70ff-42da-8712-e2bbb4b2047f

Sist endret

11. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ac0df323c9cc4bc2b7107fc21ab0cb78

Lignende annonser