Hopp til innhold

Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget

Arbeidsgiver

Drift- /teknisk divisjon/ Barnehagane, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget
Oppstart
3. august 2026
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 24. februar

Barnehagane i Helse Bergen søker lærlingar med oppstart 03.08.2026. Helse Bergen driv fire barnehagar med til saman 250 plassar. Hunstad, Ravnebjerget og Vognstølen barnehagar ligg nær Haukeland universitetssjukehus og Vinterdalen barnehage ligg ved Sandviken sjukehus.

Barnehagane har fleire avdelingar og alle tar dei imot barn i alderen 1-6 år. Barnehagane i Helse Bergen har "Livsmeistring" som felles tema for kompetanseutvikling i perioden 2020-2026. Vårt felles pedagogiske utviklingsarbeid i alle barnehagane handlar om eit eit inkluderande leike- og læringsmiljø". 


Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre, evaluere og dokumentere aktivitetar med barn i alderen 0-6 år 
  • Delta aktivt i dagleg arbeid med barn i alderen 0-6 år og bidra til å gi dei eit trygt og godt barnehagemiljø
  • Samarbeid med øvrig personale i dagleg omsorg for barna 

Kvalifikasjonar

  • Fullført og godkjent eksamen VG 2, barne- og ungdomsarbeidarfaget 
  • Vedkommande som får tilbod om lærlingeplass må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Barnehageloven § 19, jf. Politiregisterloven § 39 første ledd 

Personlege eigenskapar

  • Vi søker lærlingar med lærelyst og interesse for arbeid med barn 
  • Du er påliteleg og ansvarsbevisst, er imøtekommande og har ei positiv innstilling 
  • Du engasjerer deg og ser til at barna får gode opplevingar og erfaringar i barnehagen
  • Du er ein positiv bidragsytar for samarbeid og eit godt arbeidsmiljø i barnehagen 

Vi tilbyr

  • Læreplanen er grunnlaget for all opplæring. Som lærling i Helse Bergen får du lærerike arbeidsdagar og god oppfølging undervegs 
  • Opplæring som gradvis skal gjere deg i stand til å ta sjølvstendig ansvar for alle oppgåver som høyrer til rolla som barne- og ungdomsarbeidar 
  • Ein kontaktperson som vil ha eit spesielt ansvar for deg og legge til rette for at du blir kjend med arbeidet i barnehagen 
  • Vi legg til rette for at du skal vere ein likeverdig tilsett i barnehagens arbeidsmiljø både fagleg og sosialt
  • Samlingar for lærlingane i Helse Bergen barnehagane i løpet av læretida

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Arnhild Baarøy, Styrar, 99757095

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5075546973
Stillingsprosent: 100%
Lærling
Startdato: 03.08.2026
Sluttdato: 31.07.2028
Søknadsfrist: 24.02.2026

Kontaktperson for stillingen

Arnhild Baarøy

Styrar

99757095

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5520a326-0598-44a0-8617-e95f3243427d

Sist endret

5. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b5a9132e8b7f4cd58cc929c711ec448a

Lignende annonser