Vi ser etter deg som vil arbeide i langvaktturnus som helsefagarbeidar i bufellesskap!
Alver kommune Habiliteringsteneste
Kvernhusmyrane 41, 5914 Isdalstø
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar - 100 % fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Røsvikdalen bufellesskap har ledig ein 100% fast stilling som helsefagarbeidar i turnus med arbeid i langvaktturnus 35,5 t/v med arbeid kvar 4.helg, langvakter à 12,5 timar laurdag/sundag og langvakter på vekedagar à 14 timar. I dette bufellesskapet er det årsturnus, og den gjeld fram til 03.12.23, då vil det koma ny.
Om Røsvikdalen bufellesskap
Røsvikdalen bufellesskap har 6 leiligheiter og fellesareal med stove og kjøkken, og er heimen til 6 aktive personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har heildøgns bemanning, med kvilande nattevakter. Arbeidsmiljøet er prega av løysingsorienterte tenesteytarar, med eit sterkt engasjement for tenestemottakarane. Røsvikdalen bufellesskap ligg nær Knarvik senter, med gode kollektive moglegheiter til både Bergen og ellers i Alver kommune.
Arbeidsoppgåver- Å rettleie og hjelpe bebuarane med daglege oppgåver og aktivitetar i kvardagen
- Tilretteleggje for eit aktivt og meiningsfylt liv for den einskilde bebuar
- Planlegge og leggja til rette for gode, individuelle tenester etter den einskilde sitt vedtak og behov
- Dokumentere naudsynt informasjon og utførte oppgåver i journalsystemet Profil
- Jobbe med kartleggjing, utarbeida prosedyrar og tiltak i Profil
- Primærkontakt ansvar
- Kunne føre pasientrekneskap
- Samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar og pårørande
- Delta i rettleiing av kollegar i det faglege arbeidet
- Nytta seg av natursti og fjellområder som blir flittig brukt
Ut ifrå den generelle beminningssituasjonen oppmodar vi menn til å søkje.
Ønska kompetanse- ser oss, tar seg tid og er til stades for oss
- kan rettleie og gje oss råd, og hjelpe oss med det vi treng hjelp til
- hjelper oss til å ta gode val utan å bestemme over oss
- kan oppmuntre, motivere og ha det gøy i lag med oss
- er blid og i godt humør, i alle fall mesteparten av tida
- kan hjelpa oss å til å ha eit aktivt liv, gå fjellturer, sykle og bade
- likar å sjå på fotball, og som kan tåla ein god fotballdiskusjon
- likar å lage mat og er opptatt av eit næringsrikt og godt kosthold
- er fleksibel og kan ta ting på "sparket"
- setter våre behov i fokus
- gjer sitt beste for at vi skal ha gode dagar på våre premisser
Vi som arbeider her ønskjer oss ein kollega som:
- er ein lagspelar og kan gjere andre gode
- bidrar til positiv arbeidskultur og godt arbeidsmiljø
- deler raust av kunnskap og erfaringar
- er ærleg og open i kommunikasjonen
- har eit positivt menneskesyn og godt humør
- arbeider for gode tenester i tråd med vedtak og lovverk
- lyttar, reflekterar og kommuniserer tydeleg og respektfullt
- er ein trygg fagperson - aktiv og engasjert i faget sitt
- kan arbeide sjølvstendig og samarbeide med kollegaer
- kan rettleie og gje råd til kollegaer, vikarar, studentar og lærlingar
- bidrar til sjølvbestemmelse og brukarmedverknad for bebuarane
- er god på å samarbeide med pårørande og andre aktuelle samarbeidspartar
- seier frå om ting ikkje fungerar, og bidrar til fagutvikling og kvalitet
- har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- har god kjennskap til kap. 9
Personlege eigenskapar vert tillagt avgjerande vekt.
Vi tilbyr- Eit arbeidsmiljø prega av samhald, godt humør og eit sterkt engasjement for bebuarane
- Varierte, spanande og utfordrande arbeidsoppgåver kor du får brukt din faglege kompetanse
- God opplæring og rettleiing
- Løn etter tariffavtale
- God pensjonsordning
- Årsturnus
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav til tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Slik søker duTrykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2361942
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3181153_194081_nn