Vil du bli lærling i Solund kommune?
Solund kommune Stab
Hardbakke 26, 6924 Hardbakke
Om jobben
Stillingstittel
Lærling i service- og administrasjonsfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Antall stillinger
1
Solund kommune har som mål å rekruttere ein lærling i service- og administrasjonsfaget for perioden 2023 - 2025.
Vi har god erfaring med lærlingar frå fleire ulike fagområder og kan tilby 2 års læretid med oppstart hausten 2023.
For lærling i service- og administrasjonsfaget vil vi tilby variert praksis frå kommunal administrasjon. I kommunedirektøren sin stab har vi mange dyktige medarbeidarar som vil ta godt vare på deg som ynskjer å bli ein god fagarbeidar.
Som lærling vil du få eigen fagleg ansvarleg som fylgjer opp læreløpet saman med deg, samt rettleiarar i eininga som føl opp med rettleiing og opplæring i dei daglege gjeremåla.
Krav til stillinga:
- må kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg
- fullført og bestått vidaregåande 1 og 2 innan service- og administrasjonsfaget
Vi tilbyr:
- løn som lærling etter gjeldande regelverk
- god pensjonsordning i KLP
- eit spanande og godt arbeidsmiljø med varierte arbeidsoppgåver
- fagmiljø i eit godt team
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Vi håpar du har lyst til å fortsette vegen mot fagbrev hos oss og sender ein søknad!
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg informasjon. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Solund kommune nyttar elektronisk søknadssystem. For å søkje på stilling hjå oss, må du opprette eigen brukeridentitet og passord i EasyCruit.
Velkomen som søkjar! Solund kommune har vurdert marknadsføring av stillinga, og ynskjer berre kontakt med søkjarar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2279576
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3111363_140883_nn