Vil du jobbe med utvikling av kundar og vere med å skape verdi for små og mellomstore bedrifter?
Tussa IKT
Langelandsvegen 35, 6010 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Account Manager SMB
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Vi søkjer ein motivert og strukturert account manager SMB som skal jobbe med dei små og mellomstore kundane våre. Du vil ha ansvar for å vidareutvikle kundebasen og sikre at kundane våre får god oppfølging og dei beste løysingane.
Hos Tussa IKT blir du ein del av eit av dei største og mest komplette IT-miljøa på Nordvestlandet. Du får arbeide saman med erfarne spesialistar innan IT-drift, informasjonssikkerheit, skytenester og digitale arbeidsflater. Dette gir deg eit unikt høve til å utvikle deg som rådgjevar og hjelpe kundane med løysingar som skaper reell verdi.
Kontorstad kan vere Ørsta, Ålesund eller Sykkylven.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
-
Oppfølging og utvikling av SMB-kundar
-
Identifisere nye behov og moglegheiter hos kundane
-
Rettleie kundane til gode løysingar
-
Bidra til vekst og auka kundeverdi
-
Samarbeide tett med seljarane
Kvalifikasjonar:
-
Solid erfaring innan sal / kundebehandling
-
Gode kommunikasjonsevner
-
Interesse for relasjonsbygging og rådgjeving
Det er ein fordel om du har:
-
Relevant utdanning innan sal, marknadsføring, økonomi eller IT
-
Erfaring frå IT-bransjen, telekom eller andre teknologirelaterte fagområde
-
Erfaring med CRM-system og strukturert salsarbeid
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi kan tilby
-
Ein spennande kvardag i eit aktivt salsteam
-
Gode utviklingsmoglegheiter
-
Konkurransedyktige vilkår
Om bedriften
Tussa
Tussa er eit leiande energi- og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Tussa IKT
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har om lag 130 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Vi har avdelingskontor i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes og Sykkylven.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
547f95bb-d3ae-4371-89a4-49efcca2c46f
- Sist endret
21. august 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
469421720