Personleg assistent - vikariat
Aurland Kommune, bu- og miljøtenester
Vangen 1, 5745 Aurland
Om jobben
Stillingstittel
Personleg assistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Antall stillinger
1
100 % vikariat som brukarstyrt personleg assistent til ein mann med behov for assistanse i kvardagen. Stillinga er ledig frå snarast og ut året. Me har også behov for tilkallingsvikarar. Brukarstyrt personleg assistanse er organisert under tenesteeininga bu- og miljøtenester. Det er til saman fire personlege assistentar i dette tiltaket. Brukaren vekslar på å bu i eige husvære saman med familien, og i avlastingsbustad. I arbeidet som personleg assistent får du høve til å gjere ein stor forskjell for eit anna menneske. Jobben er variert og gjevande, med gode vilkår.
ArbeidsoppgåverDet er ynskjeleg at du er ein ressurs og ein god samtalepartnar. Du vil vere ein del av kvardagen til brukaren og familien. I tillegg til å delta i aktivitetar og i sosiale samanhengar etter ynskje frå brukaren.
Han treng også hjelp til:
-
transport til ulike aktivitetar med meir
-
praktiske og daglege gjeremål
-
personleg stell/hygiene og av/påkledning
-
trening
-
måltid
-
bruk, vask og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar
-
helseoppfølging og fylgje til mellom anna rehabiliteringsopphald
-
tolking, forklaring/formidling.
Dersom du har erfaring innan dette området frå før er det ein fordel, men ingen krav.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er fleksibel, omsorgsfull, tolmodig, og som ynskjer å gjere ein forskjel, og ha eit grunnleggande ynskje om å bidra til å gjere andre sin kvardag betre. Dersom du har erfaring innan dette området frå før er det ein fordel, men ingen krav. Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Vi tilbyr-
bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum.
-
ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad.
-
gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen.
-
gratis inngang til symjebasseng etter kl. 20.00.
-
hjelp til å skaffe bustad
-
hjelp til å skaffe barnehageplass
-
hjelp til å skaffe arbeid til partner
Sjå gjerne også informasjonsbrosjyra og rekrutteringsfilmen til Aurland kommune ved å lime inn desse web-lenkene i søkefeltet:
https://www.visbrosjyre.no/Aurland_kommune/MailView/
https://youtu.be/aFXLAnqaUbI
Krav til språkkunnskaparDen som blir tilsett må kunne kommunisere godt på norsk både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Løns- og tilsetjingsvilkårTilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Du må ha førarkort klasse B.
Ved tilsetjing vert det kravd politiattest av nyare dato.
Du vil jobbe i turnus med kombinasjon mellom langvakter på 12,5 timar på helg og korte vakter i vekedagene, som vil innebere å jobbe kvar 4. helg. Det kan også leggast til rette for korte vakter på helg om dette er ynskjeleg. I periodar kan det bli aktuelt å jobbe til andre tider.
Om bedriften
Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2347903
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5425108b-8ac4-4448-bf2b-92a5375f1368