Hopp til innhold

Vi søkjer etter fysioterapeut i vikariat ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter

Arbeidsgiver

Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter As

Sted

Hauglandsvegen 309, 6968 Flekke

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Vi søkjer ein fysioterapeut i vikariat i 100% stilling ved Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter. Vikariatet er frå 5. januar 2026 og varigheit til 31. desember 2026. Det kan bli aktuelt med forlenging.

Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager og lørdag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Hva vi ser etter

  • Du har autorisasjon som fysioterapeut
  • Du har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
  • Du har gode samarbeidsevner, og erfaring med tverrfagleg arbeid
  • Har evne til å vere fleksibel og løysingsorientert
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Det vil bli stilt krav om framlegging av politiattest forut for tiltreding i stillinga jfr. Helsepersonelloven § 20a.

    Arbeidsoppgaver

    Som fysioterapeut hos oss får du jobbe tett på pasientane i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse. Du vil ha ansvar som kontaktperson/primærkontakt, noko som inneber å følgje opp pasientar under opphaldet, utføre kliniske undersøkingar, tilpasse treningsopplegg og bidra aktivt i teamet rundt pasienten. Arbeidet skjer både i basseng, gymsal, treningssal og ute i naturen -- omgjevnader som vi brukar aktivt i rehabiliteringa.

    Vi tilbyr

    Hos oss blir du del av eit inkluderande og engasjert fagmiljø, der vi legg stor vekt på samarbeid, fagleg utvikling og ressursfokus i møte med pasientane. Vi tilbyr moderne fasilitetar og ei naturnær ramme som gir gode vilkår for både pasientar og tilsette.

    I tillegg kan vi tilby;

  • Arbeid med utfordrande faglege og varierte oppgåver i eit engasjert tverrfagleg miljø
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit høgt kompetent fagmiljø med fokus på utvikling og samarbeid
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Om bedriften

    Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter er ein spesialistinstitusjon innan fysikalsk medisin og rehabilitering. Senteret gir tilbod til pasientar med behov for intensiv, tverrfagleg rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Vi arbeider etter verdiane respekt og likeverd, og har eit ressursfokus i tilnærminga til pasientane.

    Senteret har driftsavtale med Helse Vest RHF om døgnrehabilitering. Vi tilbyr både gruppe og individuelle opphald for vaksne, ungdom og barn. Kvart år kjem om lag 1100 pasientar til rehabilitering ved senteret.

    Vi held til i Flekke i Fjaler, om lag 15 mil nord for Bergen. Det er kort veg til skule, barnehage og butikk. Senteret er samlokalisert og samarbeider med den internasjonale skulen UWC Røde Kors Nordisk der elevane representerer eit stort mangfald  på campus. Senteret ligg vakkert til ved fjorden som aktivt vert nytta i rehabiliteringa. Som tilsett har du tilgang til senteret sine treningsfasilitetar både inne og ute.

    Sektor

    Privat

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    53e43511-7612-4a21-84a9-4e391a64d524

    Sist endret

    5. desember 2025

    Hentet fra

    Stillingsregistrering

    Referanse

    53e43511-7612-4a21-84a9-4e391a64d524

    Lignende annonser