Bibliotekmedarbeidar
Oppvekst og kulturetaten, Kulturavdelinga
Vikemyra 2, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Bibliotekmedarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 1. desember
Ved Ulstein bibliotek er det ledig ei 50% fast stilling som bibliotekmedarbeidar frå 01.01.27.
Ulstein bibliotek held til i Ulstein arena i lag med kommunen sitt nærtenestesenter, og er organisatorisk plassert under kulturavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Fokus på barne- og ungdomslitteratur
- Formidling knytt til elevar i barnehage og skule
- Gjennomføring av arrangement
- Bidra til å vidareutvikle biblioteket
- Innbyggjar-rettleiing
- Service og vertskapsrolle
- Delta i dagleg drift og andre oppgåver knytt til bibliotek og nærtenestesenter
Kvalifikasjonar
- God innsikt i barne og ungdomslitteratur
- Erfaring frå bibliotekarbeid
- Erfaring frå arbeid med publikum
- Erfaring frå formidling og/eller gjennomføring av arrangement
- God digital og teknisk kompetanse
- Bibliotekfagleg utdanning er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer godt/flink med folk
- Er initiativrik og kreativ
- Likar varierte arbeidsoppgåver og kan arbeide sjølvstendig
Personlege eigenskapar vert lagt stor vekt på.
Vi tilbyr
- Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk
- God offentleg pensjonsordning
- Gode forsikringsordningar
- Eit godt fagleg miljø med høve til påverknad, utvikling og samarbeid
Ber om at referansar vert lagt inn og attestar/vitnemål lasta opp saman med søknaden.
Kontaktinformasjon
Britt Opsahl Myrene, Biblioteksjef, 94399498Leif Per Ringstad, Kultursjef, +47 47301332
Arbeidsstad
Vikemyra 26065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Oppvekst og kulturetatenReferansenr.: 5209459969
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Leif Per Ringstad
Kultursjef
+47 47301332
Britt Opsahl Myrene
Biblioteksjef
94399498
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
53d31fd2-d2b6-447a-a036-406a7169cb7e
- Sist endret
17. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e86fc2688a9c4e3ea00a3a988c7b96d6