Fengselsbetjent i ungdomsfengsel med fleksible turnusordningar
Agder fengsel
Sanitetsstien 7, 4735 Evje
Om jobben
- Stillingstittel
- Fengselsbetjentar i turnus - basisbemanning
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 15
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Om stillinga
Agder fengsel, Evje ungdomseining skal bli Noregs største soningsinstitusjon for mindreårige. Frå og med slutten av 2025 skal avdelinga kunne ta imot inntil 11 mindreårige til soning. Avdelinga vil kunne tilby tre ulike soner med både høg og låg sikring, der det er mogleg å differensiere tilbudet til ungdommane ut frå behovet for den enkelte. Tilbudet vi skal gi, skal vere i tråd med FNs barnekonvensjon sine føringar.
Agder fengsel består av 4 lokasjonar: Froland avdeling (200 plassar for menn - høg sikring), Mandal avdeling (100 plassar for menn - høg sikring), Solholmen overgangsbolig i Kristiansand (15 plassar) og Evje ungdomseining (11 plassar for mindreårige 15-17 år). Agder fengsel vil ha omlag 400 tilsette fordelt på desse lokasjonane. Ca 75 av desse på Evje.
Me har etablert eit særs spennande fagmiljø, der fokus er høg kompetanse og trygge rammer for ungdom med fokus på god omsorg og rehabilitering. Me søker no etter trygge kollegaer, som kan skape tryggleik for andre, også i krevjande situasjonar.
På Evje ungdomseining jobbar det mange ulike fag- og yrkesgrupper. Basisbemanninga vår består av fengselsbetjentar og miljøterapeutar, som jobbar sivilt og tett på den enkelte ungdom, der ein jobbar ut i frå grunnpillarane i traumebevisst omsorg (tryggleik, relasjon og regulering). Både fengselsutdanna og anna turnuspersonell inngår i vaktlag, med krav til godkjent FM-modular og jamnleg trening.
Evje ungdomseining vil etter kvart få mange tilsette, og jobbar derfor med å legge til rette for fleksible turnusordningar, i tillegg til at me kan tilby rimeleg pendlarbustad, gratis parkering og mulegheiter for el-lading.
Me har i dag rundt 30 personar i turnus og har i denne runden behov for å tilsette ytterlegare 12-15 fengselsbetjentar. Alle stillingane er faste og i 100% stilling.
Fengselsutdanna personell blir tilsett i kode 0264 fengselsbetjent, og vil få mulegheita til å jobbe på alle dei tre ulike sonene våre (A, B og C) som vil ha ulike sikkerheitsnivå for barn og unge.
Søknadsfrist er 30.11.25
Arbeidsoppgåver
- planlegging, leiing og evaluering av endringsarbeid
- miljøterapeutisk arbeid med tanke på god og trygg straffegjennomføring
- kontaktbetjentarbeid - og førebuing av den innsatte på lauslating eller overføring til vaksenfengsel
- tett fagleg samarbeid med kollegaer i og utanfor kriminalomsorga i planlegginga av soning og progresjon
- konfliktdempande kommunikasjon, grensesetting, skape trygge og gode rammer for den innsette
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Stillingskode 0264
Du må ha- bestått fengselsbetjentutdanning ved KRUS (Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter)
- erfaring frå Kriminalomsorgen
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
- god språkleg forståing
- førarkort klasse B
- erfaring frå vegleiing av klientar / brukarar og kollegaer
- erfaring frå kontaktbetjentarbeid
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid
- har evne til tryggleikstenking, grensesetjing og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- er mål- og resultatorientert
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- er robust og trygg, evner å møte krevjande innsette med ei fagleg tilnærming med fokus på konfliktdemping
- har evne til å motta opplæring, dele kompetanse og jobbe med eiga sjølvregulering
- er fysisk i god form, og i stand til å bidra i vaktlag etter behov
- personlege eigenskapar i tråd med etatens verdiar
Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- god opplæring og vegleiing knytt til arbeidsoppgåver og samfunnsoppdrag
- god opplæring i sikkerhetsarbeid, kontaktbetjentarbeid, miljøterapeutisk fokus og fysisk maktanvendelse
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- tilgang på treningsrom, pendlarbustad (mogleg overnatting mellom vakter), gratis parkering,
- stillinga blir avlønna som fengselsbetjent 0264 fra kr 476 000 - 573 000 pr. år, avhengig av kvalifikasjoner. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Søknad og CV blir send elektronisk via linken "søk stillinga" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følgje med søknaden. Ved manglande dokumentasjon, kan søknaden utebli frå vurdering. Me ber om at du hentar vitnemål frå Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søkjer stillinga. Utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjend, eller tilsvarande.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til stadleg leiar Ragnhild Nomeland tlf. 99496504.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv.
Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.
Agder fengsel fremmer et inkluderende arbeidsmiljø og partssamarbeid er en viktig faktor i dette.
Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
53c0b706-9a24-4619-9fda-f46dfc6281d0
- Sist endret
10. november 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10269596
Lignende annonser
Miljøterapeutar i turnus - basisbemanning
Arbeidsgiver
Agder fengsel
Sted
Evje
Arbeidsgiver
Setesdal vidaregåande skule, fengselsundervisning, Agder fylkeskommune
Sted
Hornnes
Arbeidsgiver
Setesdal vidaregåande skule, fengselsundervisning, Agder fylkeskommune
Sted
Hornnes