Assisterande rektor Volda ungdomsskule
Volda kommune, Avdeling skule
Stormyra 2, 6100 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande Rektor Volda ungdomsskule
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ved Volda ungdomsskule er det frå 01.01.2024 ledig 100 % stilling som assisterande rektor. Volda ungdomsskule har omlag 320 elevar, fordelt på 3 trinn og fire parallellar og kring 55 tilsette. Ressursen for leiing er fordelt på rektor og to assisterande rektorar. I tillegg har skulen andre administrative ressursar mellom anna merkantil stilling. Volda ungdomsskule er ein praksis skule med eit sterkt og tradisjonsrikt samarbeid med Høgskulen i Volda. Omlag 90% av stillinga vil vere administrativ og 10% undervisning (td. vikartimar). Stillinga vil også ha eit sjølvstendig personalansvar.
Volda kommune har sju grunnskular. Rektorar og assisterande rektorar er med i leiaropplæring og har eit leiarforum med møte kvar månad. Volda samarbeider og i høve leiaropplæring med andre kommunar på Søre-Sunnmøre gjennom Sjustjernasamarbeidet.
Saman med barnevern, helsestasjon, barnehage, vaksenopplæring og kulturskule, er grunnskuledrifta ein del av sektor oppvekst i Volda kommune.
Arbeidsoppgåver
Visjonen til sektor oppvekst er at "Volda kommune har trygge born, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer" . Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren. For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette som er til støtte for barn og ungdom i utviklingsprosessen. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege. Dei må kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling for elevane. I alt vårt arbeid mellom barn og unge skal vi arbeide førebyggande for å fremje godt psykososialt miljø, ha ein helsefremjande funksjon og bidra til å jamne ut sosiale skilnader. Alle barn, unge og vaksne skal oppleve tryggleik og sosialt tilhøyr. Alle våre born og unge skal ha like mogelegheiter til å utvikle evnene sine.
Sektor for opplæring og oppvekst er ein lærande organisasjon der erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har fokus. I alle einingane arbeider vi med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar elevane ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hjå våre tilsette. I Voldaskulen er vi inne i ulike satsingar, som og vert vidareført. Mellom satsingsområda er lesing og eit trygt og godt læringsmiljø. Elevane på ungdomstrinna i kommunen har eigen Chromebook til bruk i læringsarbeidet. Å ha kompetanse og erfaring i å drive utviklingsarbeid i ein lærande organisasjon er ein fordel. Vi søker etter ein person som kan vere med å leie skulen mot våre mål.
Assisterande rektor er rektor sin stedfortredar. Assisterande rektor skal i sitt arbeid samarbeide og samhandle med skulen si leiar gruppe for å sikre at skulen vert drive etter gjeldande lov -og avtaleverk og kommunale vedtak for verksemda. Ein skal vidare assistere rektor i å gjere vedtak i saker som etter lov- og delegeringsfullmakter er lagt til rektor.
Volda ungdomsskule er ein stor organisasjon med mange tilsette. Difor vil ein jobbe med organisasjonsutvikling i tida framover, særleg i høve personalansvar, men også på andre område. Assisterande rektor har eige personalansvar og må vere budd på å bidra i naudsynte prosessar kring dette arbeidet tilsvarande andre utviklingsprosessar i ein organisasjon.
Assisterande rektor skal ta i vare funksjonar knytt til personalleiing og fagleg -og administrativ leiing ved skulen. Funksjonane kan ein i korte trekk omtale slik:
* personalansvar
* medansvar for pedagogisk planlegging og utviklingsarbeid
* medansvar for samarbeid skule - heim
* medansvar for samarbeid med andre instansar
* medansvar for budsjett - og økonomiarbeid, og arbeid med internkontroll
* medansvar for å rettleie og følgje opp dei tilsette
* medansvar for å organisere den daglege drifta
* ansvar for bibliotek, kontakt mot Sunnmørsheimen, rettleiing av nyutdanna mm kan og vere aktuelle oppgåver.
Rektor har ansvar for å fastsette arbeidsfordelinga mellom seg og assisterande rektorar.
Kvalifikasjonar
* godkjent pedagogisk utdanning, formell undervisningskompetanse og praksis frå grunnskulen
* god kjennskap til relevante lov- og avtaleverk
* gjennomført skuleleiarutdanning, eller forplikte seg på å gjennomføre dette
* god digital kompetanse
Personlege eigenskapar
* god relasjonskompetanse
*strukturert og evne å gjere gode prioriteringar
* fleksibel
* sjølvstendig og evne til å kunne ta initiativ
* gode samarbeidsevne
* utviklingsorientert
* eit positivt elevsyn
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Aktuelle søkararar vert kalla inn til intervju. Referansar kan bli kontakta etter intervju.
Vi tilbyr
Løn og pensjon etter gjeldande vilkår.Kontaktinformasjon
Håvard Strand, Fagkonsulent, sektor oppvekst, 70058874Lene Nupen, Avdelingsleiar skule, 91516908
Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4734938035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.12.2023
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2501298
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2189a32ba4d94b2ea073280b1f3524fa