Hopp til innhold

Fysioterapeut, vikariat

Arbeidsgiver

Muritunet As Avd Moa

Sted

Langelandsvegen 17, 6010 Ålesund

Om jobben

Vi har ledig vikariat som fysioterapeut ved Muritunet avdeling Moa, med oppstart snarast og varigheit til 31.10.2026.

Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Send søknad til

nina@muritunet.no

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar
  • Offentleg godkjent fysioterapeut

  • Du må vere open for ein nevroplastisk forståingsmodell

  • Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan kognitiv terapi og/eller motiverande intervju

  • Det er ønskjeleg med erfaring frå fagfeltet og tverrfagleg teamarbeid

Personlege eigenskapar

Vi vektlegg:

  • godt humør og positivitet

  • fleksibilitet

  • evne til samarbeid og teamarbeid

  • at du trivst i eit hektisk og engasjert miljø

  • at du ønskjer å bidra i teamet både fagleg og i fellesoppgåver

Du bør vere løysingsorientert, særleg knytt til konseptutvikling.

Arbeidsoppgaver

Klinisk arbeid og individuell oppfølging
  • Gjennomføre kliniske undersøkingar og funksjonskartlegging

  • Utarbeide og tilpasse individuelle og gruppebaserte treningsprogram

  • Gje individuell oppfølging med vekt på aktiv tilnærming og meistring, og bidra med tryggleik og riktig tilrettelegging

  • Gje smerteedukasjon og støtte pasientar i forståing og meistring

  • Gjere klinisk kartlegging av tilsette med høgt sjukefråvær eller redusert arbeidsevne knytt til tilbodet Ekspertbistand

  • Ta i bruk samtaleterapi som arbeidsreiskap

Undervisning, rettleiing og aktivitet
  • Halde pasientundervisning innan relevante tema

  • Leie og tilretteleggje eit breitt spekter av gruppeaktivitetar

Tverrfagleg samarbeid
  • Delta aktivt i tverrfaglege drøftingar og samarbeide tett med andre faggrupper for å sikre heilskapleg rehabilitering

  • Samarbeide med eksterne aktørar som arbeidsgjevar, NAV og fastlege ved behov

Dokumentasjon
  • Sikre forsvarleg og strukturert dokumentasjon i tråd med gjeldande krav
  • Vi tilbyr

  • Sterkt engasjerte kollegaer
    • Fagleg utvikling

    • Gode velferdsordningar

    • Godt psykososialt arbeidsmiljø

    • Høg grad av autonomi i arbeidskvardagen

    • Løn etter gjeldande overeinskomst

    Du blir ein del av eit spesialisert, tverrfagleg team med høg kompetanse. Vi tek godt vare på pasientane -- og kvarandre. Du er hjarteleg velkomen til å søkje; vi ser fram til å få deg med på laget.

    Kontaktperson for stillingen

    Nina Moltubakk Vik

    Avdelingsleiar

    48035502

    nina@muritunet.no

    Om bedriften

    Muritunet gjev, etter avtale med Helse Midt‑Norge RHF, eit tverrfagleg og spesialisert rehabiliteringstilbod til pasientar med lungesjukdom, sjukleg overvekt, kroniske muskel- og blautdelssmerter samt arbeidsretta rehabilitering. Vi har pasientar både i grupper og i polikliniske forløp.

    Sektor

    Privat

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    53abfb1d-4377-4eff-9206-dc4d08f0bb41

    Sist endret

    27. februar 2026

    Hentet fra

    Stillingsregistrering

    Referanse

    53abfb1d-4377-4eff-9206-dc4d08f0bb41

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Buteneste ytre, Ålesund kommune

    Sted

    Ålesund