Sjukepleiar i heimetenesta
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Heimetenesta yter helsehjelp til innbyggarar etter lov om kommunale helse- og omsorgstenester. Arbeidsoppgåvene er varierte. Heimetenesta i Fyresdal er eit godt team som jobbar målretta for at pasientar skal få bu og virke i eigen heim så lenge det er fagleg forsvarleg. Vi har stor takhøgde for faglege diskusjonar og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Målet i heimetenesta er å jobbe som eit lag. Respekt for kvarandres profesjonar samstundes vi er opptekne av å gjere kvarandre gode for å få lagkjensla. Humor i arbeidskvardagen er viktig i teamet og det er viktig å kunne vere seg sjølv blant kollegaer. Vi tek vare på kvarandre!
Vi ynskjer oss ein sjukepleiar som er serviceinnstilt, har fokus på kvalitet og fag, er nøyaktig, empatisk, iniativrik, og som likar å jobbe i eit utfordrande fagmiljø både sjølvstendig og saman med andre. Den vi søker må vere god på stressmeistring, vere fleksibel og endringsvillig, samt like varierande arbeidsoppgåver. Arbeidet vil i hovudsak bestå i pasientretta arbeid, oppfylging av pasientar og pårørande i samarbeid med fastlege og/eller spesialisthelseteneste.
Kvalifikasjonar:- Klinisk arbeid med pasientar, både grunnleggande pleie og elles medisinsk oppfylging.
- Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med resten av teamet i heimetenesta.
- Samarbeid med andre fagmiljø og ressurspersonar internt til det beste for pasienten.
- Medikamenthandtering.
- Er imøtekomande overfor pasientar og pårørande.
- Har gode samarbeidsevner.
- Har god evne til å jobbe sjølvstendig.
- Er ansvarsfull og stabil.
- Er fleksibel, kreativ og løysningsorientert.
- Har stor arbeidskapasitet.
- Bidreg til godt arbeidsmiljø og har genuin forståing for at ein jobbar i eit lag der alle er like viktige uavhengig av profesjon.
- Likar utfordringar.
- Beherskar norsk både skriftleg og munnleg.
Personlege eigenskaper vil bli vektlagt i stor grad.
Tilsettingsvilkår:- Ved tilsetting vil det bli stilt krav om politiattest.
- Den som blir tilsett må ha førarkort kl. B.
- Tilsetting skjer på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lovar, reglar og tariffavtaler, inkludert 6 månadar prøvetid.
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Stor takhøgde for faglege diskusjonar og eit arbeidsmiljø med humor med fokus på at saman får vi det til. Alle tilsette er like viktige i teamet uavhengig av profesjon.
- Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning.
- 35,5 timars veke. Arbeid i turnus med dag/aftensvakter og arbeid kvar 3. helg.
- Løn etter avtale.
- Hjelp til å skaffe bustad.
- Vakker natur, rein luft og eit hav av moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
- Barnehageplass frå dag ein i kommunen.
- Barnehage og skule lokalisert i sentrum.
Vi ber om at det elektroniske søknadsskjemaet blir fylt ut fullstendig med både utdanning og erfaring.
Attester og vitnemål vil bli etterspurt ved behov.
Vi gjer merksam på at namn på søkarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til intervju ved søknadsfristens utløp.
Om bedriften
Kommunen sitt slagord er <<Gjer draumen levande>>, og dette ser ein att i tilboda til både innbyggarar og tilsette. Saman er vi rause, respektfulle, omtenksame, inkluderande og stolte. Kommunen har som mål å vere handlekraftig og finne fleksible løysingar. Her er det godt å bu og virke, og saman leverer vi svært gode tenester til innbyggarane våre.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2445830
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
53a34d1e-0660-4098-bf73-5517db4b5925