Miljøterapeut 100 % vikariat
Kasa ungdomssenter, avd. Flatøy, Bufetat
Flatøyvegen 45, 5918 Frekhaug
Om jobben
- Stillingstittel
- 100 % vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 16. mars
Kasa ungdomssenter ser etter deg som ønskjer å jobbe i eit 12‑månaders vikariat frå juni 26 til juni 27, med moglegheit for forlenging.
Kasa ungdomssenter er eit statleg omsorgstiltak for barn og unge i alderen 13–18 år. Vi har tre avdelingar i Bergen og omegn, med tre eller fire plassar på kvar avdeling. Kasa skal gjennom traumebevisst omsorg etablere profesjonelle omsorgsrammer som legg til rette for endring og utvikling for ungdommane som bur i avdelingane våre.
Vi ser etter deg som har eit stort engasjement og hjarte for ungdom som treng trygge og dyktige miljøterapeutar rundt seg, slik at dei kan få eit godt liv som vaksne.
Det kan òg vere moglegheiter for fleire vikariat av ulik storleik og varigheit ved eininga.
Arbeidsoppgåver
Kva vil arbeidsdagen din bestå av?- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid med fokus på traumesensitiv tilnærming
- Dagleg omsorg og oppfølging av ungdom
- Journal- og dokumentasjonsansvar
- Praktiske gjeremål i avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Krav om fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning bachelor (sosionom, barnevernpedagog eller vernepleiar).
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er eit krav
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- Krav om førarkort kl. B
- Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
- Det er ønskeleg at du har kjennskap til relevant lovverk, Traumebevisst omsorg, tryggleik- og sikkerheit samt målstyrt miljøterapi.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som :- Vi ser etter deg som :
- Har gode evner til å bygge relasjon
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Har godt humør, og som likar å arbeide med og for ungdom.
- Er løysningsfokusert og i stand til å handtere uforutsette hendingar på ein forsvarleg måte
- Er trygg, tydeleg og tillitsvekkjande vaksen som kan romme ungdomane og deira behov.
- Har evne til å oppretthalde god struktur, eit fagleg perspektiv og samarbeida i team.
- Er fleksibel og trivast med store utfordringar.
- Har tro på at medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartnarar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
- Har forståing for og er lojal mot fagleg standard som eininga nyttar.
- Er punktleg, og har evne til å arbeide strukturert og metodisk
- Har god fysisk og psykisk helse.
- Personleg eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 670 000 pr. år.
- Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Du får vere ein del av omsorgssituasjonen til ungdommar som har behov for tygge og gode vaksne rundt seg.
- Gode arbeids vilkår og lønn etter statens tariff avtale.
- Statleg Langturnus, for tida med avtale 2-7-2-7-3-7-
Opplysningar til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Stillinga er for tida lagt til avdelinga Kasa Flatøy.
- Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.
Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no
Kontaktinformasjon
Hege Eide, Avdelingsleiar, 466 19 245Arbeidssted
Flatøyvegen 455918 Flatøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 5085682739
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 16.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Hege Eide
Avdelingsleiar
466 19 245
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
537522de-9e0e-48d7-adee-a99d44c80c70
- Sist endret
25. februar 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3496a9a077734505ac1c1d2003399a3a
Lignende annonser
Miljøterapeut
Arbeidsgiver
Bjørgvin ungdomssenter, Bufetat
Sted
Bønes
Arbeidsgiver
Fana og Ytrebygda ungdomssenter avd. Skjold, Bufetat
Sted
Nesttun
Vaken nattevakt - vikariat
Arbeidsgiver
Kasa ungdomssenter, avd. Tertnes, Bufetat
Sted
Tertnes