Ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse sommaren 2026
eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya
Om jobben
- Stillingstittel
- Ferievikarar i eining Meistring og psykisk helse sommaren 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. mars
Vil du ha ein kjekk sommarjobb i 2026?
Sommeren nærmer seg med stormskritt, og vi har begynt å planlegge ferieavviklinga. VI treng kjekke og engasjerte ferievikarer i perioden frå 22.06. -16.08.2026. Både gamle og nye søkjarar er velkomne. Vi søker både deg med erfaring frå helse- og omsorgstjenestene frå tidlegare og deg som er nysgjerrig på å prøve noko nytt. No har du sjansen! Vi har ferievikarar som har vore hos oss i mange år, og trivst svært godt. Fleire har også valgt å utdanne seg innan helse fordi dei har likt seg så godt.
Eining Meistring- og psykisk helse leverer tjenester til personer med psykiske lidelser og funksjonsnedsettelser. Tjenestene våre består av barneavlastning, bufellesskap for personer med utfordringer innen rus og psykiske lidelser, bufellesskap for personar med funksjonsnedsettelser samt ambulante tjenester til personar med funksjonsnedsettelser. Du vil få ein unik moglegheit til å lage gode opplevingar og kvardagar for andre menneske.
Eventuell prioritering av arbeidsstad må kome fram i søknaden. Det same gjeld kva tidsrom du kan arbeide. Hugs også å oppgi i søknaden om du ønskjer bonusordning, jf. under.
Vi søkjer studentar og offentleg godkjende:
- sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionomar og andre relevante helse- og sosialfaglege og pedagogiske høgskuleutdanningar.
- helsefagarbeidarar eller anna relevant fagutdanning.
- sjukepleie- vernepleie og legestudentar.
- lærar- og barnehagelærarstudentar.
- studentar innan andre relevante helse- og sosialfaglege- og pedagogiske utdanningar.
- assistentar.
Kommunen sine deltidstilsette kan også søkje om auka stilling opp til 100 % i periodar dei sjølve ikkje avvikler ferie.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato for alle stillingane i omsorg.
I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.
Det blir tilsett fortløpande i stillingane.Vitnemål og karakterutskrift må sendast som vedlegg til søknaden.Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med erfaring frå liknande arbeid.
- Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Det er ein fordel om søkjarane har førarkort for bil med manuell gir eller kan disponere eigen bil.
- Det er også ein fordel å kunne arbeide heile perioden utan avbrot.
Personlege eigenskapar
- Har evne til å skape gode, trygge relasjonar til både brukarar, pårørande og kollegaer.
- Har gode samarbeidsevner.
- Er raus, omgjengeleg og har godt humør.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
Vi tilbyr
Løn blir endra i samsvar med tariffoppgjeret våren 2026, men per i dag gjeld følgjande:
Pleiemedarbeidarar/assistentar: årsløn i heil stilling frå kr 397 000,- til kr 494 200,- etter ansiennitet.
sjukepleie-, vernepleie- og legestudentar får slik årsløn i heil stilling: bestått 1. år: kr 20 000,- og bestått 2. år: kr 35 000,- over stigen for assistentløn etter ansiennitet.
Legestudentar som har fullført 4. semester får løn etter fagarbeidarstigen, og dei som har bestått 6. semester, og har gjennomgått farmakologi, blir arbeidsoppgåver og løn som sjukepleiar vurdert. Legestudentar som har bestått 8 semester får sjukepleieløn etter gjeldande tariff, men minimum kr 300,- per time.
Høgskule-/universitetsstudentar innafor andre relevante utdanningar får årsløn kr 5 000,- i heil stilling over assistentløn etter ansiennitet. Det same gjeld andre vikarar som kjem tilbake for andre sommaren (eller meir) på rad.
Elles gjeld løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Bonusordning:
Sjukepleie-, vernepleie-, fysioterapi-, ergoterapi- og legestudentar og andre ferievikarar med fullført relevant fagutdanning som arbeider i 100 % stilling i minimum 6 veker innafor vekene 26 - 33 etter avtale med leiar, får ein ekstra bonus på kr 17 000,-. Opplæringsvakter kjem i tillegg. Ordninga gjeld også lærar- og førskulelærarstudentar i relevante stillingar innafor PU.
Dette gjeld for reelt utført arbeid. I praksis betyr det at bonusen blir avkorta eller fell vekk ved sjukefråvær eller ev. anna fråvær.
Kontaktinformasjon
Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605
Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5047082410
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 02.03.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Therese Nordheim Nesseth
einingsleiar
+47 47316717
Anne Marthe Busengdal
avdelingsleiar
41702363
Martin Solbjørg
avdelingsleiar
40106605
Kristine Finnøy
nestleiar
90935279
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
534f94db-521d-4768-bba3-93dceae07096
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
56720b977baa4420a906914b7bc4c2f4
Lignende annonser
Ferievikarar 2025 -Omsorgstenesta i Sula kommune
Arbeidsgiver
Sula kommune
Sted
Langevåg
Ferievikar 2026 - Sjukepleiar, helsefagarbeidarar, sjukepleiarstudentar m.m.
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Ferievikarar ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt sommaren 2026
Arbeidsgiver
Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Sted
Vigra