Hopp til innhold

Faste helgestilingar for sjukepleiestudentar

Arbeidsgiver

Utgreiingsmottak I, Helse Bergen HF, Mottaksklinikken

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
1. juni 2026
Stillingstittel
Faste helgestilingar for sjukepleiestudentar
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Antall stillinger
4

Søk på jobben

Søk senest søndag 26. april

Har du lyst til å jobbe i eit spennande og engasjert fagmiljø i Mottaksklinikken?  Vi har ledige faste helgestilingar for sjukepleistudentar med arbeid kvar 3. helg
Utgreiingsmottak 1 har 23 senger og er delt i to team: Team UMO 1 med 17 senger og Team Akuttposten med 6 senger. Dei tilsette er knytta til eit av dei to teama, men vi samarbeider og jobbar på tvers ved behov. 

Team UMO 1 greier ut pasientar med uklare og samansette sjukdomsbilete tilhøyrande alle kliniske avdelingar.  Her blir pasientane tatt i mot av eit tverrfagleg team beståande av legar, sjukepleiarar og andre helsefagarbeidarar.  Liggetida er inntil 3 døgn. Eit  av måla for Mottaksklinikken er at pasienten skal få rett diagnose så raskt som mogleg og komme til rett behandling på rett stad.           

Team Akuttposten tar imot pasientar som treng medisinsk overvaking og behandling etter inntak av rusmiddel, eller ved behandlingskrevande abstinens. Vi har ein individtilpassa tilnærming, og er opptatt av å ikkje oversjå somatiske årsaker til pasientens tilstand. Gjennomsnittleg opphaldstid er ca. 24 timer (maks.48 timer).


Arbeidsoppgåver

  • Pleie og behandling til pasientar
  • Kontinuitet i observasjon blir særs viktig i denne eininga og du skal følge opp pasientane og delta i utgreiing
  • Andre oppgåver i samband med drift av posten

Kvalifikasjonar

  • Studentar med relevant helsefagleg utdanning, må ha pleieerfaring
  • Du må ha kunnskap innan relevant medisinsk-teknisk utstyr og IKT-system
  • Du må meistre norsk skriftleg og munnleg svært godt, tilsvarande Bergens testen, og du har god munnleg engelsk kompetanse

Personlege eigenskapar

  • Du er punktleg og påliteleg
  • Du trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og ta rette avgjerder
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
  • Du må både kunne vere «drivande» og audmjuk
  • Du er god til å se kva som må gjerast, og tilbyr og mottar gjerne hjelp

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • God opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ine Skåtøy, Seksjonsleiar, 55971802

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5110849187
Stillingsprosent: 15%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 26.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Ine Skåtøy

Seksjonsleiar

55971802

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5346c076-d1a7-4712-a461-371196afdf74

Sist endret

10. april 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

7d49423e81524568aaf24fdb685b20b0

Lignende annonser

Laster lignende annonser