Barnehagelærar - 100% fast stilling ved Modnen barnehage
Modnen barnehage
Simadalsvegen 1, 5783 Eidfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Barnehagelærer
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. juni
Eidfjord kommune er i spanande utvikling, og er ei aktiv bygd omgitt av flott natur. Me treng fleire med på laget som kan vera med på å skapa vekst og utvikling i kommunen. Saman med andre dyktige medarbeidarar skal me levera gode tenester og løysa samfunnsoppdraget.
Om stillinga:
Vil du jobba i eit miljø prega av glede og humor, der haldningar og verdiar vert jobba med kontinuerleg?
Me søkjer etter ein barnehagelærar i fast stilling. Som barnehagelærar bruker du di faglege, pedagogiske og etiske kompetanse for å leggja til rette for at barnegruppa og det enkelte barnet er trygt.
Det kan vera aktuelt at barnehagelærar får funksjon som pedagogisk leiar, ved behov frå august 2025.
Arbeidsoppgåver:
-
Ansvar for det faglege og pedagogiske arbeidet på avdelinga
-
Arbeida målretta i tråd med rammeplan for barnehagens oppgåver og innhald, og lov om barnehagar
-
Bidra til å utvikla eit godt arbeidsmiljø og leggja til rette for eit godt samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar:
-
Godkjent treårig bachelor barnehagelærarutdanning
-
Gode munnlege og skriftlege norskferdigheiter
-
God digital kompetanse i eige planarbeid og saman med borna
Personlege eigenskapar:
-
Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
-
Evne til å kunna arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
-
Fleksibel og endringsvillig
-
Omsorgsfull, og legg stor vekt på å skapa gode og trygge relasjonar
-
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
-
Evne til å ha oversikt, organisera og tilpassa arbeidet etter borna sine behov
Me tilbyr:
-
Spanande og varierte oppgåver på ein fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt tverrfagleg miljø.
-
Konkurransedyktige vilkår
-
Løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
-
Moglegheit til å søkja støtteordningar og tilrettelegging for relevant vidare- og etterutdanning
-
Gode pensjonsordningar
-
Fagleg engasjerte kollegaar i eit godt og varmt arbeidsmiljø med rom for alle, og med visjonar om å skapa gode robuste team som er oppteken av fagleg utvikling
-
Ein barnehage som er framoverlent og som ynskjer å vera med å utvikla barnehagefeltet
-
Team som er godt etablerte på tvers av avdelingane
-
Betre bemanningsnorm enn dei sentrale føringane
-
Hjelp til å skaffa husvære
-
I tillegg er Eidfjord ein av kommunane du kan søkja om nedskriving av studielån
Tilsetjingsvilkår:
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.
Anna:
Arbeidsspråket er nynorsk.
Merk søknaden med arkivsakID: 25/673
For spørsmål om stillinga kontakt:
Styrar Grete Næss, tlf.: 990 34 547
Assisterande styrar Silje Aurdal Riber, tlf.: 482 39 443
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Om barnehagen
Modnen barnehage har 4 avdelingar med plass til 57 born. Det er ca 20 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Barnehagen ligg fint til med naturen og skogen som næraste nabo. I tillegg har me basseng og idrettshall rett ved sida av barnehagen. Barnehagen er godt utstyrt digitalt og me jobbar aktivt med inkluderande barnehagemiljø.
Me ser etter deg som er glad i å leika, læra og undre deg saman med borna, som alltid er på bornas nivå og som er engasjert i jobben du gjer. Eit viktig mantra for barnehagen er tidleg innsats gjennom systematisk arbeid, fokus på gode relasjonar og dialog.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2944752
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5337d7ca-8551-48ec-8c8a-ec27645d9c04