Er du vår nye database-administrator?
Tenesteproduksjon, Helse Vest IKT
Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen, Naustdalsvegen 5, 6800 Førde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Database-administrator
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 26. mai
Sjukehussektoren er i ei rivande utvikling. Trygg og moderne IKT er ein viktig faktor for at sjukehusa skal kunne drive effektivt og godt, òg i framtida. Helse Vest IKT har ansvar for å produsere IKT-tenester til alle sjukehusa i Helse Vest, med høge krav til stabilitet, kvalitet og tryggleik. Med om lag 1500 system, 4000 databasar og over 30 000 sluttbrukarar er vi blant dei største IKT-miljøa på Vestlandet.
I seksjon Database er vi ti medarbeidarar som har ansvar for drift og vidareutvikling av tenester på ulike database-teknologiar. Vi ser etter deg som har erfaring frå SQL-driftsmiljø, og som ønsker å jobbe i ein spennande sektor. Her vil du få jobbe med ny og spennande teknologi, vere del av eit kunnskapsrikt team som set arbeidsmoral høgt, og som har ein god kultur for kunnskapsdeling.
Arbeidsstad vil vere i Bergen eller Førde.
Arbeidsoppgåver
Hva skal du jobbe med hos oss?
- Vidareutvikle database som plattformprodukt, i den private skya vår eller i offentleg sky (Azure).
- Drift og vedlikehald av databasar primært på Microsoft SQL Server.
- Rådgjeving innanfor fagområdet.
- Optimalisering, feilsøking og tuning.
- Implementering av HA-løysingar.
- Automasjon av driftsoppgåver og leveransar, og bidra til sikker og stabil drift.
Kvalifikasjonar
For å utføre jobben bør du ha erfaring med drift av MS SQL i komplekse miljø, samt:
- Erfaring med automatisering og scripting - Powershell, Ansible, Terraform.
- Erfaring med Azure SQL er ein føremon-
- God forståing for datatryggleik.
- Kjennskap til ITIL.
- IKT-utdanning på universitet-/høgskulenivå, eller relevant praksis som kan kompensere for utdanningskravet.
- Meistre norsk, munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Eigenskapar vi set pris på hos deg:
- Du er svolten på ny teknologi og ønsker å dele kompetansen din med kollegaene dine.
- Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Du er serviceinnstilt og har fokus på kundar.
- Du tek initiativ der du ser det er behov, kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- Du kan levere under press og trivst med nye utfordringar.
- Du er ein positiv bidragsytar i teamet, med godt humør og glimt i auget.
Vi tilbyr
Høyrest det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då vil vi snakke med deg! Hos oss får du:
- Moglegheita til å jobbe i eit stort og tverrfagleg miljø i ein banebrytande bransje.
- Interessante utfordringar med moglegheit for fagleg og personleg utvikling.
- Tilgang til Helse Vest sine kollektive avtalar og tilbod for tilsette.
- Fleksible arbeidsordningar med fleksitid, moglegheit for heimekontor og arbeidsveke på 37,5 timar inkl. lunsj.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsrettar.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Thomas Jakobsen, Seksjonsleiar, +47 93457738Arbeidsstad
Bjørnsons gate 295052 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Vest IKTReferansenr.: 4956205027
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Thomas Jakobsen
Seksjonsleiar
+47 93457738
Om bedriften
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2932562
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7cbd1ccbc5404edfa9dbfa98c9024b40