Hopp til innhold

Vil du vere med å gi borna i Ål ein god kvardag?

Arbeidsgiver

Ål kommune Oppvekstsektoren

Sted

Torget 1, 3570 Ål

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidarar / Assistentar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
  • Har du lyst til å arbeide med barn?
  • Er du student, har tidleg eksamen og er ledig i desember? 
  • Har du eit friår?
  • Har du reiseplanar som skal finansierast?
  • Ønsker du deg ein meiningsfull jobb?
Vi søker medarbeidarar til barnehagane i Ål kommune.

Mellombelse stillingar i inntil 100% etter avtalt periode, men moglegheit for forlenging, i perioden 011225-310726.

Å jobbe i barnehage er ein svært lærerik, varierande og morosam jobb. Du får vera saman med barn, og jobbe med å legge til rette for trygge og fine dagar. Arbeidet med barn er meiningsfylt, og du vil vera med på å gjera ein forskjell.

Du vil jobbe saman med profesjonelle, fagleg dyktige og engasjerte vaksne. Alle desse gjer ein stor innsats for at alle barna i barnehagen skal ha ein god dag.  Og – du får gode arbeidstider med fri kvar kveld og helg.

Kvalifikasjonar
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller liknande. Men andre med interesse og gjerne erfaring med arbeid med barn, oppmodas og å søkje. 
  • Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg (minimum nivå A2–B1).
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.
  • Relevant erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel.
Vi tilbyr
  • Eit arbeidsmiljø som arbeidar for fagleg utvikling.
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling og rettleiing.
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og gode pensjonsordningar.
  • Ein arbeidsplass der humor, glede og fagleg engasjement er høgt verdsett.
Politiattest og søknad
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader.
  • Intervju og tilsetjing kan skje fortløpande i søknadsperioden.
  • Kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista.
  • Vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden.

Ta gjerne kontakt med oss.

Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Ål kommune har ein desentralisert barnehage- og skulestruktur med både små og litt større skular og barnehagar. Frå 8. trinn blir alle elevane samla på Ål ungdomsskule. Gjennom målretta arbeid med kompetanseutvikling og lokale handlingsplanar, ynskjer kommunen å utvikle gode profesjonsfellesskap i barnehagane og skulane våre. "Betre læring" er vår lokale oppvekstplan og visjonen er «Alle som veks opp i Ål skal bli rotfaste og flygedyktige». Hovudmålsettinga «I eit inkluderande oppvekstmiljø der alle ser og blir sett, får kvar einskilld kraft til å meistre eigne liv» skal vere grunnleggande for drifta i sektoren. Hallingdal er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv!

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

52f9c0ec-6462-4352-bf53-d7393efc3143

Sist endret

15. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3568745_200323_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser