Anskaffingsrådgjevar
Innkjøp, Kinn kommune
Magnus Thingnesgate 1, 6905 Florø
Om jobben
- Stillingstittel
- Anskaffingsrådgjevar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. november
Kinn kommune er vertskommune for Innkjøpssamarbeidet i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn (INSS). Vi gjennomfører felles anskaffingar for INSS og anskaffingar for Kinn kommune. Arbeidet omfattar store verdiar og inneber eit viktig ansvar for at fellesskapet sine midlar blir brukte på ein god og ansvarleg måte.
Hos oss får du høve til å arbeide med eit breitt spekter av anskaffingar, mellom anna innan varer, tenester, IKT og bygg og anlegg. Du vil samarbeide tett med ulike fagmiljø og få høve til å følgje anskaffingsprosessar frå planlegging til kontraktsinngåing og oppfølging.
Anskaffingsavdelinga er organisatorisk plassert i kommunedirektøren sin stab og blir leia av anskaffingssjefen. Vi er i dag fem tilsette og søkjer no ein ny kollega til fagmiljøet vårt.
Arbeidsoppgåver
Planleggje og gjennomføre felles anskaffingar for INSS, samt anskaffingar for Kinn kommune.Utarbeide konkurransegrunnlag, evaluere tilbod og gjennomføre forhandlingar.
Arbeide med rammeavtalar, minikonkurransar, kontraktsinngåing og kontraktsoppfølging.
Gi råd og rettleiing til leiarar og fagmiljø i anskaffingsfaglege spørsmål.
Bidra til utvikling av rutinar, arbeidsprosessar og gode innkjøpsløysingar.
Samarbeide med fagmiljø, leverandørar og andre offentlege verksemder.
Svare ut innsynskrav i forhold til anskaffelser
Arbeidsoppgåvene kan bli tilpassa kompetansen og erfaringa til den som vert tilsett.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning, gjerne på bachelornivå, innan til dømes økonomi, jus, administrasjon og leiing, innkjøp, logistikk eller tekniske fag. Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
Gode digitale ferdigheiter og evne til å setje seg inn i nye system.
Erfaring frå offentlege anskaffingar og kjennskap til anskaffingsregelverket.
Erfaring frå innkjøp, kontraktsarbeid, prosjektarbeid eller andre relevante arbeidsområde.
Erfaring med konkurransegjennomføringsverktøy (KGV), e-handel eller tilsvarande digitale løysingar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Arbeider strukturert og sjølvstendig, og har god gjennomføringsevne.
- Er analytisk, løysingsorientert og har god vurderingsevne.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.
- Tør å stille spørsmål og utfordre etablerte løysingar når det trengst.
- Trivst med varierte oppgåver og kan handtere fleire prosessar samtidig.
- Tek initiativ, er lærevillig og ønskjer å bidra til utvikling av fagområdet.
- Personlege eigenskapar og motivasjon for stillinga vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Spennande og varierte arbeidsoppgåver innan eit viktig samfunnsområde.Eit godt fagmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer.
Høve til å arbeide med anskaffingar på tvers av kommunar og fagområde.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Ein sjølvstendig arbeidskvardag med høve til å påverke eigne oppgåver.
Fleksitidsordning.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Løn etter avtale.
Kontaktinformasjon
Arve Klokk, Leiar innkjøp, +47 41534935Arbeidsstad
Magnus Thingnesgate 16905 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 5202954046
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 23.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Arve Klokk
Leiar innkjøp
+47 41534935
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.403 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
52e75ab3-162f-4a8f-9617-ef7324bb42c0
- Sist endret
3. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2d53a241512b4711af25280c66ac2188