Miljøarbeidar - vikariat - tilrettelagt avdeling ved Fyllingsdalen videregående skole
FYD - Avd. SPR/TO, Vestland fylkeskommune
Shetland-Larsens vei 23, 5143 Fyllingsdalen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar - vikariat- tilrettelagt avdeling ved Fyllingsdalen videregående skole
Oppstart
2. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, deltid 89%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 8. desember
Fyllingsdalen videregående skole (FYD) er ein vidaregåande skule med utdanningsprogramma studiespesialisering – toppidrett - musikk, dans og drama (studieførebuande) - helse- og oppvekstfag (yrkesfag og studieførebuande) - påbygg til generell studiekompetanse. I tillegg har skulen nettundervisning
for fysisk syke og ei tilrettelagt avdeling for 20 elevar med særskilte behov. Skulen har om lag 580 elevar og 100 tilsette.
Fyllingsdalen videregående skule har eit personale med høg kompetanse på sine ulike yrkesfelt, stor grad av fagleg samarbeid og høg trivsel både blant tilsette og elevar. Skulen ligg i flotte nyoppussa lokale like ved bybanen og Oasen kjøpesenter og har som mål å vera den føretrekte skulen for elevar i Fyllingsdalen og Bergen vest.
Behov: 1 - vikariat i 89% stilling som miljøarbeidar varigheit - frå 02.01.25 - 20.06.25
2- Fleire ringevikarar som miljøarbeidarar
Arbeidsoppgåver
* Være ein trygg vaksen som bidreg til læring, aktivitet og trivsel for elevane våre gjennom skuledagen.
* Være med å organisere og gjennomføre aktivitetar og læringsøktar.
* Ha tilsyn med elevane i pauser og aktivitetar.
* Delta aktivt i danse- og kroppsøvings timar.
Vi ønskjer å knytte fleire ringevikarar til skulen og TIV (tilsyn i vidaregåande). Arbeidstid er 08.00 - 15.30, men kortare oppdrag kan også bli avtalt etter behov. Moglegheit for kortare og lengre vikaroppdrag, heile og halve dagar.
Kvalifikasjonar
Det er ønskjeleg med;
* fagbrev innan barn- og ungdom eller helsefagarbeid, men relevant erfaring og anna kompetanse vil også bli vurdert.
* gode språkferdigheiter i norsk og gode digitale ferdigheiter .
* arbeidserfaring frå barnehage, skule eller forsterka avdeling/tilrettelagt.
Gyldig politiattest krevjast ved tiltreding.
Personlege eigenskapar
* Vi treng ein stabil, raus og trygg vaksen.
* gode samhandlingsevner med både vaksne og elevar.
* er trygg i møte med alle elevar, sjølv om dei utfordrar
* høy arbeidskapasitet og motivasjon til å bidra til eit godt skulemiljø.
* forutsigbar og ansvarsfull
* positiv og godt humør.
* leken, aktiv og framoverlent.
Vi oppfordrar menn til å søkja da det er overvekt av gutar på avdelinga.
Vi tilbyr
Vi tilbyr;
* ein inkluderande arbeidsplass med mykje arbeidsglede.
* Fagleg og personleg utvikling.
* lønn etter avtaleverket.
Kontaktinformasjon
Signe Zora Pettersen, avdelingsleiar, +47 93811442Arbeidsstad
Shetland-Larsens vei 235143 Fyllingsdalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4887507296
Stillingsprosent: 89%
Vikar
Startdato: 02.01.2025
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Signe Zora Pettersen
avdelingsleiar
+47 93811442
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2798545
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3f0c8424dc7b47bab80b649989a1f9e3