Pedagogar til helse- og oppvekstfag
OLS - OLSVIKÅSEN VGS, Vestland fylkeskommune
Olsvikåsen 152, 5183 Olsvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Pedagogar til helse- og oppvekstfag
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. april
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss her
Arbeidsoppgåver
Undervisning på helse og oppvekstfag og barne og ungdomsarbeidar/ Helsefagarbeidar
Inntil 3 stillingar i 100%
Årsvikariat i 75% stilling
Kvalifikasjonar
- yrkesfaglærar med fagbrev som barne og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
- høgare utdanning innan Helse- og oppvekstfag som til dømes barnehagelærar, vernepleiar, sjukepleiar
- godkjent pedagogisk utdanning
- relevant praksis innan fagområda vil bli vektlagt
- gode IKT- ferdigheiter
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- vi ser etter deg som er god til å danne relasjonar med ungdom og kan samarbeide godt med andre i organisasjonen
- ein må vere løysingsoritert og setje fagleg utvikling høgt
Vi tilbyr
- eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
- løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysninger
- vi gjer merksam på at i følgje offentleglova §25.2.ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste
- søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort
- administrasjonsmålet i Vestland fylkeskommune er nynorsk
- alle nytilsetjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med ei prøvetid på 6 månadar
- den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest av nyare dato
Kontaktinformasjon
Vivian Norstrand, avdelingsleiar, 90835519, vivian.norstrand@vlfk.noArbeidsstad
Olsvikåsen 1525183 Olsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4954890717
Stillingsprosent: 75, 100%
Vikar, Fast
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 19.06.2026
Søknadsfrist: 28.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2918276
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9e6475a172424e53b02e3b143e0643ba