Vitskapleg assistent - Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA)
Universitetet i Bergen
postboks 7802, 5020 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Vitskapleg assistent - Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA)
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-wVitskapleg assistent tilknytt Institutt for politikk og forvaltning og Centre for Research on Discretion and Paternalism
Det er ledig ei 100 % stilling som vitskapleg assistent tilknytt Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA), eit internasjonalt og tverrfagleg forskingssenter ved Institutt for politikk og forvaltning, med ei varigheit på 12 månader. Samla tilsetjingstid som vitskapleg assistent kan ikkje overstige to år.
Senteret adresserer eit av kjernespørsmåla innanfor samfunnsvitskapen, nemleg relasjonen mellom stat og individ. Gjennom ulike prosjekt blir beslutningstaking, legitimitet og maktbruk i velferdsstaten undersøkt. Dei pågåande forskingsprosjekta som ligg til senteret omhandlar særleg barns vilkår i samfunnet og komparativ forsking på ulike barnevernssystem.
DIPA ligg under institutt for politikk og forvaltning. Instituttet har ein statsvitskapleg profil og legg vekt på studiar av offentleg politikk, organisering og administrasjon, demokrati og deltaking, politikkutforming og politiske institusjonar på lokalt, nasjonalt og internasjonalt nivå.
Vitskapleg assistent er ei rekrutteringsstilling for kandidatar som ønskjer å ta ein doktorgrad. I stillinga som vitskapleg assistent vil hovudoppgåva vere å jobbe tett på og og vere ein støttespelar for prosjektleiar professor Marit Skivenes i hennar gjennomføring og leiing av forskingsprosjekta. Det er særskilt prosjekta PARTICIPATION og PROTECT denne stillinga vil høyre til, og det er difor også krav om særs gode kunnskapar i skriftleg og munnleg norsk.
Vi søkjer ein person som har høge ambisjonar for forsking og som ynskjer seg ein karriere innan forsking. Sjå nettsida til Centre for Research on Discretion and Paternalism (DIPA) og tilsettsida til professor Skivenes for meir informasjon om forskinga ved senteret
Arbeidsoppgåver:
Vil inkludere oppgåver i tilknyting til arbeid med:
- Koding av datamateriale
- Administrere surveyundersøkingar
- Praktiske oppgåver i tilknyting til prosjekt
- Innhente tal- og statistisk materiale
- Gjere statistiske køyringar
- Vere behjelpeleg med å organisere konferansar og seminar
- Gjennomføre litteratursøk
- Andre administrative oppgåver
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad i statsvitskap eller sosiologi (andre relevante samfunnsvitskaplege fag kan bli vurdert for særs gode kandidatar). Graden må vere avlagt innan 20 juli 2025.
- Det er ein føresetnad at den som blir tilsett kan dokumentere gode kunnskapar i samfunnsvitskapleg metode, både kvalitativ og kvantitativ metode.
- Erfaring med bruk av statistiske analyseprogram, som Stata, SPSS, R eller tilsvarande, er naudsynt.
- Det blir sett krav til svært gode språkkunnskapar i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg.
- God administrativ IT - kompetanse
- Det blir lagt vekt på eksamensresultat
- Evne til å arbeide systematisk og resultatorientert er viktig
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Høg arbeidskapasitet
- Sterk motivasjon for forskingsområda til DIPA-senteret tel positivt
- Ambisjoner om å ta ein doktorgrad er viktig
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Løn som vitskapleg assistent, st.kode 1020, kr. 509 300, -. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast. Medlemskap i Statens Pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
Søknad med CV, vitnemål, karakterutskrift og attestar skal leggjast inn elektronisk via link på denne sida.
Søknadsfrist: 20. juli 2025. Søknaden skal merkast 25/ 5572.
Det vil vere aktuelt med intervju før tilsetjing.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til senterleiar Marit Skivenes, epost: marit.skivenes@uib.no (tittel, namn, arbeidsstad og telefonnummer)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det samfunnsvitenskapelige fakultet består av sju institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig