Miljøterapeut / miljøterapeut med vidareutdanning
Ambulante tenester psykisk helse DPS Volda (Akutt oppf. team), Helse Møre og Romsdal HF
Hamnegata 20, 6100 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut / miljøterapeut med vidareutdanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. juni
Ambulante tenester Søre Sunnmøre er ein del av Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal. Seksjonen består at tre team: Ambulant allmennteam (AAT), Assertive Community Treatment team (ACT) og Akutt heimebehandlingsteam (AHT).
ACT er eit tverrfagleg team med psykiater, spesialsjukepleiarar, sosionom, og ergoterapeut med vidareutdanning. ACT reiser heim til pasientane og har fokus på eit heilskapleg behandlingstilbod. Teamet nyttar i hovudsak ei recoveryorientert tilnærming over lang tid, ofte fleire år. Det er fokus på psykisk og somatisk helse, økonomi, bustad, kosthald, nettverk, ADL fungering m.m. ACT ynskjer å koordinere tenestene rundt pasientane og vere ein del av eventuelle ansvarsgrupper. Behandlingskontakta med pasientane skjer der pasienten oppheld seg.
DPS Volda ambulant seksjon har kontorlokale i Volda sentrum.
Er dette noko for deg, er du velkommen som søkjar på stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og vurdering av psykiske lidingar
- Medisinvurdering med omsyn til virkning og bivirkning
- Miljøterapi, som til dømes praktisk bistand, tur, matlaging, psykoedukasjon, medisinadministrasjon, hjelp til økonomi, bustad, ADL
- Relasjonsbygging over tid ettersom dette er pasientar som ofte treng tid på å bli trygge
- Motivasjonsarbeid til for eksempel behandling eller endring
Kvalifikasjonar
- Vi ynskjer søkjarar med sosialfagleg høgskuleutdanning og erfaring frå både rus-og psykiatrifeltet
- Ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helsearbeid
- Ønskjeleg med erfaring frå ambulant heimebehandling
- Gode norskkunnskapar er nødvendig
- Ein må ha førarkort for bil
- Erfaring fra liknande arbeid er ein fordel
- Bruk av systematiske validerte verktøy er viktig
- Ein må pårekne oppgåver med datasamling for forskingsformål
- Ein må forstå at tenesta er heime hos brukarane, og skal tilpassast etter det
- Den som vert tilsett må kunne fungere som del av eit team, og som sjølvstendig fagperson
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsfull
- Du er strukturert
- Du er løysingsorientert
- Du er fleksibel
- Du har eit stort fagleg engasjement
- Du har gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Du har god digital kunnskap
- Du har stor arbeidskapasitet
- Du er bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er omstillingsdyktig
- Du fungerer godt i team
Personlege eigenskapar vert særleg vektlagde ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her. - Og herKontaktinformasjon
Solrun Brenk Rønning, Seksjonsleiar, Solrun.Brenk.Ronning@helse-mr.noArbeidssted
Hamnegata 206100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4940172124
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2946360
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f2055bf46b5844dd81a3b3d337a8f346