Teiknspråktolk / miljøterapeut i forsterka avdeling ved Valderøy barneskule
Giske kommune, Valderøy barneskule
Øvstevegen 19, 6050 Valderøya
Om jobben
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Teiknspråktolk / miljøterapeut i forsterka avdeling ved Valderøy barneskule
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest onsdag 18. november
Vil du gjere ein forskjell for barn med store og samansette behov?
Vi har ledig ei spennande og meiningsfylt stilling frå 01.01.27 der du får kombinere arbeid som teiknspråktolk, teiknspråkopplærar og miljøterapeut. Vi søkjer ein engasjert og omsorgsfull medarbeidar som ønskjer å bidra til læring, inkludering og meistring for elevar med store funksjonsnedsettingar.
Stillinga er 100% vikariat, med mulighet for forlengelse.
På grunn av ressursbehovet i avdelinga er stillinga er i dag fordelt slik: ca. 60% tolk i skuletida, og ca. 40% miljøterapeut i SFO del, men lønna som 100% tolk. På denne måten blir du ein del av eit heilskapleg arbeid og fagleg miljø.
Valderøy barneskule er ein skule med om lag 460 elevar der 11 av borna går i forsterka avdeling. Avdelinga er for born med store funksjonsnedsettingar, alle med stort behov for støtte og tilrettelegging i kvardagen. Saman jobbar dei tilsette for at borna skal ha gode dagar, og størst mogleg utvikling innanfor sine rammer.
Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis som handlar om å til passe læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønskjer å gi alle ei reel moglegheit til deltaking i det faglege og sosiale fellesskapet.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Vitnemål, CV og referansar må leggast inn i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Teiknspråktolking i skuletida.
- Gjennomføring av teiknspråkopplæring.
- Miljøterapeutisk arbeid i SFO.
- Oppfølging og støtte til barn med store funksjonsnedsettingar.
- Bidra til eit trygt, inkluderande og utviklande lærings- og fritidsmiljø.
- Samarbeid med føresette, lærarar, spesialpedagogar og andre fagpersonar.
Kvalifikasjonar
- Krav om bestått utdanning som teiknspråktolk, eller minimum 60 stp i teiknspråk. Tilsette med anna teiknspråkkompetanse kan og søkje.
- Relevant 3 årig pedagogisk, helse- eller sosialfagleg utdanning er ønskjeleg. Minimum fagarbeidarkompetanse.
- Erfaring med barn med funksjonsnedsettingar og samansette behov er ønskjeleg.
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er trygg, omsorgsfull og tålmodig.
- Har eit sterkt engasjement for barn og unge.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Byggjer gode relasjonar til elevar, kollegaer og føresette.
- Har evne til å skape tryggleik og inkludering i kvardagen.
- Er lojal og pliktoppfyllande i forhold til inngåtte avtalar.
Vi tilbyr
- Ei meiningsfull stilling der du utgjer ein forskjell i barn sitt liv.
- Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer.
- Moglegheit for fagleg utvikling.
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Hauge Steffenssen, avdelingsleiar, 40234503Oddfrid Reinlund, Rektor, +47 48023464
Arbeidsstad
Øvstevegen 196050 Valderøya
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 5204819251
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 18.11.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Ragnhild Hauge Steffenssen
avdelingsleiar
40234503
Oddfrid Reinlund
Rektor
+47 48023464
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8400 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman med bruer og tunnelar, og det er fastlandsamband til Ålesund 13 km unna. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Dette gjer kommunen til ein attraktiv stad å bu og arbeide for unge og barnefamiliar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
52725449-153a-4b8e-bffb-c3181b3b6811
- Sist endret
3. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
69e3a83c7501498082a0cf17ed83a01e