Assistent
Seksjon forsyning og interntransport Volda og Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Assistent
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 19. august
Har du lyst til å bli ein del av eit engasjert og dyktig team ved sengesentralen ved Ålesund sjukehus? No har du moglegheita. Vi har ledig ei fast 32,5 % stilling som assistent, i tillegg søkjer vi etter tilkallingsvikarar som kan stille på kort varsel ved behov.
Sengesentralen er ein del av Seksjon forsyning og interntransport, der vi kvar dag arbeider for å levere pålitelege og kvalitetssterke servicetenester for heile sjukehuset. Sjølv om arbeidet vårt skjer i kulissane, er assistentane heilt avgjerande for at sjukehuset skal fungere godt.
Hos oss får du ei viktig rolle for å sikre at pasientsenger og tilhøyrande utstyr alltid er reint, trygt og klart til bruk. Innsatsen din bidreg direkte til god pasienttryggleik, effektiv pasientflyt og ein velfungerande sjukehuskvardag.
Du blir ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der samarbeid, respekt og serviceinnstilling står sterkt. Arbeidskvardagen er variert, praktisk, aktiv og du vil samarbeide tett med fleire faggrupper på sjukehuset. Her blir du verdsett for innsatsen din, og du får vere med på å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.
Vi ser etter deg som er påliteleg, strukturert og har stor arbeidskapasitet. Du trivst med fysisk arbeid, tek ansvar og ønskjer å bidra til eit positivt arbeidsmiljø for både kollegaer og pasientar.
Dersom du likar å jobbe i eit miljø med høgt tempo, meiningsfulle oppgåver og gode kollegaer, håpar vi du vil søkje jobb hos oss!
Vi ber om at attester og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden.Arbeidsoppgåver
- Transport, kontroll, reingjering og klargjering av pasientsenger
- Mottak og tilrettelegging av arbeidstøy til tilsette
- Bestilling av avdelingstøy
- Andre oppgåver som er lagde til seksjonen
Kvalifikasjonar
- Gjerne erfaring og kjennskap innan reingjering
- Generelt god helse og fysikk
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du må vere innstilt på å jobbe vakter både kvardagar, heilagdagar og i helger
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og likar å jobbe saman med andre
- Du er hyggeleg, serviceinnstilt og trivst i ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag
- Du er omgjengeleg, påliteleg og nøyaktig i arbeidet ditt
- Ønskjer å bidra aktivt til å ta vare på og vidareutvikle eit godt arbeidsmiljø
- Ein fleksibel person som handterer endringar på ein god måte i ein seksjon i utvikling
- Det er ein fordel om du kan tiltre så snart som mogleg, og og at du kan jobbe meir i periodar når det er behov
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Vegard Edvardsen Kjemphol, Seksjonsleiar, Vegard.Edvardsen.Kjemphol@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5161186577
Stillingsprosent: 32,5%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 19.08.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
523f41bc-0980-48b4-ba69-12ca753ba5d1
- Sist endret
12. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
973e291cd55d4876a8f25c93c293d10d