Assistent
Føde Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Assistent
- Type ansettelse
- Annet, deltid 0%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 1. oktober
Vi søkjer ein fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg medarbeidar som kan arbeide som tilkallingsvikar ved behov. Det kan i periodar vere aktuelt å tilby enkelte planlagde vakter, inkludert helgevakter, men stillinga gir ikkje rett til fast arbeid eller fast turnus.
Stillinga kan vere særleg aktuell for sjukepleiarstudentar (1. året), eller andre over 18 år som ønskjer erfaring frå spesialisthelsetenesta.
Det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere for seksjonen sin faste assistent under ferieavvikling sommaren 2027.
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus tilbyr trygge og omsorgsfulle tenester til fødande og nyfødte. Vi har eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg.
Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Rydding, reinhald og klargjering av fødestover, inkludert desinfisering og påfyll av nødvendige artiklar
- Skylleromsarbeid med vask av utstyr, sortering av avfall og skittentøy, og ivaretaking av hygiene
- Orden og reinhald i matsal, inkludert rydding, påfyll og ivaretaking av hygiene og trivsel
- Dagleg reinhald i avdelinga, inkludert vask av fellesareal, støvtørking, avfallshandtering og påfyll av forbruksartiklar
- Transport og klargjering av sengar, samt samarbeid med reinhaldspersonell og portørar
- Førefallande oppgåver som varehenting, intern pasientflytting og støtte til god logistikk og flyt i avdelinga
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå reinhald er ein fordel, men ikkje eit krav
- Helsefaglege studentar er velkomne til å søke
- Søkar må vere over 18 år
- Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
- Serviceinnstilt, nøyaktig og påliteleg
- God forståing for hygiene og smittevernrutinar
Personlege eigenskapar
- Du trivast med praktiske arbeidsoppgåver og likar å bidra der det trengs
- Du er fleksibel og kan handtere ein variert arbeidskvardag
- Du tek ansvar og viser initiativ
- Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Personleg eignaheit vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Marianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, +47 70105921, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5171935418
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 01.10.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
96b1764c-9831-4b8b-b74d-32a46f56f3f4
- Sist endret
17. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8cdc792066b14f9c998253f9e9494c8c