Hopp til innhold

Vikariat Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut

Arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringsteneste, barn og unge, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Oppstart
17. august 2026
Stillingstittel
Vikariat Spesialfysioterapeut/ fysioterapeut
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest onsdag 22. april

Habiliteringstenesta for barn og ungdom (HABU) arbeider med barn og unge med nedsett funksjonsnivå. Vi arbeider for å betre livskvaliteten til desse barna og familiane deira. For å lukkast med dette har HABU eit tverrfagleg team kring barnet som består av legar, psykologar, spesialpedagogar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, sosionom, vernepleiarar og logopedar. 

Til saman er vi 35 høgkompetente medarbeidarar som blir motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet.

Vi har no ledig 100% vikariat spesialfysioterapeut/fysioterapeut i eitt år. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med omfattande funksjonsvanskar, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A.

Arbeidsoppgåver

  • Motorisk kartlegging
  • Kartlegging og behandling av pasientar i henhald til pasientforløp, prosedyrar og oppfølgingsprogram
  • Planlegge og gjennomføre fysioterapitiltak ved intensiv tverrfagleg habilitering og rehabilitering
  • Vurdering av patologi og nevroortopediske problemstillingar
  • Tilrettelegging av fysisk aktivitet for barn og ungdom med nedsett funksjonsevne
  • Støtte og rådgiving til barn, ungdom og foreldre
  • Rettleiing til og samarbeid med lokale fagpersonar

Kvalifikasjonar

  • For stillinga er det krav om dokumentert godkjend autorisasjon som fysioterapeut i Noreg
  • Søkar bør også ha;
    • Erfaring med fysioterapi for barn- og ungdom
    • Kompetanse på kartlegging og testing av barns motoriske funksjon
    • Erfaring frå arbeid med dei diagnosegruppene HABU jobbar med
    • God evne til formidling, munnleg og skriftleg
    • God systemkunnskap knytta til kommunale tenester og andre instanser
    • God formidlingsevne, munnleg og skriftleg
    • Gode datakunnskapar

    Personlege eigenskapar

    • Du har evne til å sjå ressursen i barna og omgjevnadane
    • Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei, både pasientar og kollegaer
    • Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og utvise stor grad av ansvarlegheit
    • Du fremmer eige fag samstundes som du er lydhøyr for andre i eit tverrfagleg team
    • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
    • Du er ein fleksibel og omgjengeleg lagspelar med god arbeidskapasitet
    • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og for å jobbe med barn og ungdom
    • Du deler raust av din kunnskap og di erfaring får fram det beste i andre

    Vi tilbyr

    • Ein arena for læring og utvikling i lag med kompetente og spesialiserte fagpersonar
    • Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
    • Eit arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå, engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Tonje Håvardstun, Konstituert seksjonsleiar, 55978312, tonje.havardstun@helse-bergen.no

    Arbeidsstad

    Haukelandsveien 22
    5021 Bergen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

    Referansenr.: 5085649553
    Stillingsprosent: 100%
    Vikariat
    Startdato: 17.08.2026
    Sluttdato: 16.08.2027
    Søknadsfrist: 22.04.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Tonje Håvardstun

    Konstituert seksjonsleiar

    55978312

    tonje.havardstun@helse-bergen.no

    Om bedriften

    Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
    Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    5218bda9-5934-4449-a090-ffb9d63b6a08

    Sist endret

    9. april 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    213f7579b05e4ec7b913d88cd7e70155

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser