Hopp til innhold

Psykisk helse og rus/oppfølgingstenesta sør

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Psykisk helse og rus

Sted

Ternholmvegen 2, 5337 Rong

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar 100% mellombels
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Om tenesta:

Oppfølgingstenestene er ein del av tilbodet i Avdeling psykisk helse og rus Øygarden kommune, og består av tverrfaglege, samansette team som gjev tilbod til vaksne  personar med moderate til alvorlege utfordringar knytt til psykisk helse og/eller rus. Tenesta er soneinndelt med basar på Straume, Rong og Skogsvåg.

Oppfølgingstenestene i Øygarden kan tilby ein variert arbeidskvardag i eit spanande og lærerikt  fagmiljø der ein får god nytte av fagleg kompetanse, og der ein gjennom samarbeid med den einskilde og aktuelle samarbeidsinstansar kan tilby naudsynte og kvalitativt gode tenester i ein recoveryorientert praksis. Tenestene er vedtaksbasert.

Om stillinga:

Den ledige stillinga er eit årsvikariat ved oppfølgingstenesta sone sør som har base ved kommunedelsenteret i Skogsvåg. Stillinga er på dagtid og er ledig frå  12. februar 2026 med varigheit fram til 12.01.2027. Vi kan tilby ein variert arbeidskvardag med høgt tempo og spanande og varierte arbeidsoppgåver. Dei tilsette  har mykje ansvar, men kan i  høg grad strukturere arbeidskvardagen sin sjølve. Arbeidsoppgåvene består i stor grad av ambulerande arbeid og koordinering av tenestetilbod.

Arbeidsoppgåver:

  • Sikre at den einskilde brukar mottek naudsynte og kvalitativt gode tenester i høve til lovverk, retningslinjer og vedtak.
  • Råd og rettleiing
  • Nettverksarbeid
  • Tilvise til behandling
  • Koordinere tenestetilbod, delta i samarbeidsmøtar/ansvarsgruppe
  • Delta i utarbeiding og koordinering av individuell plan (IP) og anna planarbeid
  • Samarbeid med andre aktuelle instansar og profesjonar
  • Hjelp til å etablere struktur i kvardagen, utvikle gode rutinar og rettleiing for å oppretthalde desse
  • Stønad og motivering til meiningsfulle aktivitetar og sosial deltaking
  • Legemiddelhandtering
  • Praktisk bistand og opplæring (PBO)
  • Journal- og dokumentasjonsansvar

Kvalifikasjonar:

Må ha:
  • Bachelor i sjukepleie eller vernepleie
  • Erfaring frå liknande arbeid innan psykisk helse og rus.
  • Personleg eignaheit for arbeid med målgruppa
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Engasjement for målgruppa
  • Stor grad av fleksibilitet
  • Gode samarbeidsevner
  • Vere løysingsfokusert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Førarkort klasse B
Ønskjeleg med:
  • Relevant vidareutdanning
  • Personlege eigenskapar:

    Vi ser etter deg som har ein utmerka stå-på vilje, er positiv og løysingsorientert.
    Du må ha stor arbeidskapasitet og raskt kunne snu om på planar og trø til der det er behov. Ein arbeidar tett på sårbare menneske, så høg grad av relasjonskompetanse og evne til å motivere er viktige nøkkeleigenskaper. Vi arbeidar tett i team på avdelinga og du må kunne samarbeide kring planarbeid.

    Anna:

    Det kan vere moglegheiter for å tiltre stillinga allereie frå januar 2026

    Vi tilbyr:

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • IA-bedrift
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utviklin
    • Øygarden kommune tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell, ingen krav til eigenkapital og opptil 100% finansiering av eigen bustad

    Kontakt:

    • Avd.leiar Alette Kleppestø, tlf 41021044
    • Einingsleiar Therese Helgesen, tlf 91529795

     

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    520865e5-7e68-47ba-a8af-9ddae34d0bb2

    Sist endret

    28. januar 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3580431_192547_nn

    Lignende annonser

    Sjukepleiar, 100% vikariat

    Arbeidsgiver

    Øygarden kommune Sundheimen

    Sted

    Skogsvåg