Spennande stilling som seksjonssjef hjå Nav økonomiteneste - Lønnsseksjonen
Nav økonomiteneste
Sognefjordvegen 56, 6863 Leikanger, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Spennande stilling som seksjonssjef hjå Nav økonomiteneste - Lønnsseksjonen
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. august
Nav økonomiteneste (ØT) har ei viktig rolle med å jobbe førebyggande og målretta for å sikre god rekneskapskvalitet i heile etaten og yte viktige samfunnskritiske funksjonar for innbyggarane.
Som leiar av Lønnsseksjonen får du jobbe saman med dyktige kollegaer som sørger for at alle statleg tilsette i Nav får utbetalt lønn. Dei har eit raust arbeidsmiljø med god lagkjensle, og jobbar godt på tvers med resten av organisasjonen. No står vi framfor ei spennande tid med innføring av nytt lønns- og personalsystem, som blir ein viktig del av ny leiar sine arbeidsoppgåver.
Kven ser vi etter?Vi ser etter ein utviklingsorientert leiar som som likar nye utfordringar og er løysingsdyktig. Du tenker heilskapleg, men har òg auge for detaljane og søker aktivt ny kunnskap. Du kommuniserer godt, og skapar eit inkluderande miljø i ein seksjon som står i endring som følgje av innføring av nye løysingar. Her legg du til rette for trygge arenaer prega av tillit, meistring og samarbeid.
Arbeidsoppgaver
- Sikre stabil og effektiv drift i parallell med innføring av nye arbeidsmetodar og system
- Sentral rolle i innføring av nytt lønns- og personalsystem.
- Sikre effektiv samhandling med dei andre seksjonane, bygge nettverk med andre deler av Nav og eksterne samarbeidspartnarar
- Personalansvar for omkring 16 tilsette.
- Vere ein aktiv bidragsytar i leiargruppa i ØT med mål om å utvikle verksemda og økonomiområdet i NAV som heilheit
- Seksjonsleiar rapporterer til direktør og deltek i direktøren si leiargruppe.
Kvalifikasjoner
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå gjerne innan økonomi, administrasjon, leiing, HR eller juridiske fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
- Leiarerfaring, gjerne innanfor fagfelta lønn, administrasjon eller økonomi
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk
- Evne til å leie i en kompleks offentleg kontekst er ønskjeleg
Personlige egenskaper
Vi håpar du er:
- Utviklingsorientert med sterk gjennomføringsevne
- God på tverrgåande samhandling, kan bygge relasjonar og setje felles mål
- God på tillitsbasert leiing
Vi tilbyr
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med spennande oppgåver.
- Gode personlege og karrieremessige utviklingsmoglegheiter.
- Familievenleg personalpolitikk med gode velferdsordningar.
- Gode arbeidstidsordningar med fleksitid og trening i arbeidstida
- Lønn etter avtale
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse.
- Arbeidsstad er Leikanger, og vi praktiserer hybrid arbeidsplass med moglegheit for heimekontor inntil to dagar i veka.
Kven er vi?
Nav økonomiteneste (ØT) er ein intern tenesteleverandør som leverer lønns- og rekneskapstenester til alle Nav sine statlege einingar. Dette inneber blant anna utbetaling av 716 mrd. kroner i årlege ytingar og rettleiing for Nav sine 22 000 tilsette. Nav økonomiteneste har ei viktig rolle for å sikre god rekneskapskvalitet i Nav. Vi er 100 tilsette fordelt på fem seksjonar og er lokalisert på Leikanger i Sogndal kommune, Vestland fylke.
Kontaktinformasjon
Herdis Ulveseth, Direktør, 99 71 85 46, herdis.ulveseth@nav.noTorill Skårhaug, Seksjonsleiar Rekneskap og analyse, 91 52 12 63, torill.skarhaug@nav.no
Linn Tove Berdal, HR, 40487447, linn.tove.berdal@nav.no
Arbeidssted
Sognefjordvegen 566863 Leikanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4991777531
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
51d55940-a2c7-4a79-8ca9-9f91e4effa65
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b961785da5784aa49d3400368c30c4b2