Tilkallingsvikar - Maskinsjef på Nordmøre
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6509 Kristiansund N
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar - Maskinsjef på Nordmøre
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Fjord1 har behov for å knytte til seg vikarar til kortare og lengre tilkallingsoppdrag i stillinga som maskinsjef på Nordmøre. Behovet vil gjelde ulike samband.
Ein fin moglegheit for deg som kanskje vil arbeide litt ekstra i friperiodar frå din hovedarbeidsgjevar, eller kanskje du er pensjonert og har lyst ta nokre vakter av og til?
Skiftordning: Vil variere på dei ulike sambanda.
Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
- Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
- Opplæring av personell under si leiing
- Oppdatering av jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Overvaking av forbruk og behaldning av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føring av maskindagbok, oljedagbok og andre nødvendige dokument
- Budsjettering, oppfølging og bestilling av reservedelar og utstyr
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek
- Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet
Kvalifikasjonar
- Kompetansesertifikat M3
- MES-Opplæring
- FSE-Kurs
- Sikkerheitskurs i høve kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandteringskurs
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Du vil få ein variert arbeidskvardag, med spennande arbeidsoppgåver.
- Moglegheit for fagleg utvikling og vidare karriere innan maritim drift.
Kontaktinformasjon
Torill Vestad, Bemanningskoordinator, 91318256æ, toill.vestad@fjord1.noArbeidsstad
6509 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5098221648
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.03.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Fjord1 er Noregs leiande ferjeselskap og ein pådrivar i den grøne omstillinga av maritim transport. Vi har ei topp moderne flåte og satsar på verdsleiande teknologi med nullutslepp og ny infrastruktur som sentrale fokusområde. Gjennom kontinuerleg utvikling av både nye og eksisterande fartøy bidreg vi til å forme framtida for kollektivtransport langs norskekysten.
Fjord1 er ein stor kompetansearbeidsplass, både på land og til sjøs, med eit breitt spekter av stillingar innan blant anna operativ drift, teknologi, innovasjon og miljø. Vi ser stadig etter nye medarbeidarar med relevant kompetanse og legg stor vekt på å utvikle eigne tilsette gjennom målretta kompetansebygging og interne karrieremoglegheiter.
Med kontor i Florø, Bergen og Molde, og over 1100 tilsette, tilbyr vi ein spennande arbeidskvardag i eit framoverlent selskap med store ambisjonar for framtida.
Sektor
Privat
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
51b26022-9414-4f26-9127-14f79bbbe031
- Sist endret
16. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
001466bc73a8495487290479f006da13