Lege i spesialisering, fysikalsk medisin og rehabilitering
KLINIKK FOR KREFTBEHANDLING OG REHABILITERING, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering , fysikalsk medisin og rehabilitering
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest onsdag 31. desember
Lurer du på kva du skal spesialisere deg i? Har du lyst å jobbe med ein spennande spesialitet og samtidig ha ei "gunstig vaktordning"?
Då må du søke denne stillinga!
Vi har ledig eit vikariat for lege i spesialisering innan fysikalsk medisin og rehabilitering med oppstart 05.01.26, eller etter avtale!
Stillinga er ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som høyrer til Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering. Seksjonen inneheld sengepost med 20 senger + 4 senger på pasienthotellet. Pasientgruppa som får tilbod på døgnpost er pasientar med komplekse fysiske og/eller kognitive funksjonsnedsettingar som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjoner. Seksjonen yter også ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter innlegging til desse pasientgruppene. Seksjonen inneheld også poliklinikk for fysikalsk medisin, inklusiv HelseIArbeid poliklinikk. Det er tett arbeid i tverrfaglege team både på sengepost og poliklinikk. Legegruppa er ein ung og framoverlent gruppe som bidreg til fagutvikling og til utdanning av nye spesialistar. Vi har eit godt arbeidsmiljø med sosiale møtepunkt både i og utanfor arbeidsplassen.
Sjekk gjerne vår instagramkonto FYSMED_ALESUND_HMR.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinisk arbeid
- Sengepostarbeid
- Det er forventa at en deltek i seksjonen si vaktordning
- LIS har vakt for tiden kvar 5. veke med heimevakt med utrykningsplikt på kvardagar frå 16.00 - 21.00, og i helg frå 09.00 – 14.00
- Det er ikkje vakt på raude dagar i jul og påske
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring innan fysikalsk medisin og rehabilitering, erfaring fra allmennmedisin er også positivt
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Søkarar som ikkje har fullført LIS1 kan også vurderast
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og initiativrik
- Du har evne og interesse for tverrfagleg samarbeid
- Du har gode kommunikasjonsevner
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Varierte oppgåver i eit tverrfagleg miljø med ca 10 ulike faggrupper
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Vaktordning med heimevakt 16-21 på kvardagar og 9-14 i helg
- Vaktfri på raude dagar i jul og påske
- Ein fremtidsretta arbeidgivar som hensyntar alle livsfasar
- Internundervisning og fagutvikling
- Rabattavtaler på treningssenter og sportskjeder
- Deltaking i seksjonen si eiga løpe- og/eller innebandygruppe
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.Kontaktinformasjon
Synnøve Opsahl Melseth, Seksjonsleiar, synnove.opsahl.melseth@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5050719566
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 30.06.2026
Søknadsfrist: 31.12.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
5193d90c-8fcd-420f-ad45-26b2a10f58ca
- Sist endret
5. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
dab68fea463843758479b6c2d52d7a1f
Lignende annonser
Overlege- Legevakt
Arbeidsgiver
Legetenester og akutt helseberedskap, Ålesund kommune
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
AVDELING FOR DISTRIKTSPSYKIATRISKE SENTER DPS SUNNMØREHelse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund
Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Ålesund