Aktivitør, 50% fast stilling
Gulen kommune
Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim. Tilsetjing aktivitør, 50% frå etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
Om stillinga
Frå snarast/etter avtale vert det ledig 50% fast stilling som aktivitør i Gulen kommune, for tida ved Gulen sjukeheim.
Aktivitøren skal motivere og tilrettelegge til aktivitet for bebuarane, saman med det øvrige personalet. Vi ynskjer at aktivitøren også legg til rette for at aktivitetar kan skje sjølv om aktivitøren ikkje er på jobb, slik at personalet og bebuarane kan få høve til aktivitetar også på ettermiddag/kveld og i helgene. Arbeidstida vert etter avtale; anten annankvar veke med to og tre fulle arbeidsdagar, eller tre litt kortare dagar kvar veke. Dersom søkjaren treng meir enn 50% stilling, ber vi deg om å ta kontakt med einingsleiar, for å vurdere kombinasjon med anna type stilling.
Arbeidsoppgåver
- Motivere og legge til rette for målretta aktivitetar og deltaking, for å vedlikehalde eller betre brukaren sine funksjonar, og skape oppleving av meistring, trivsel og glede
- Kartlegge den enkelte sine ynskjer om, og moglegheit for, aktivitet
- Planlegge, leie og gjennomføre aktivitetar. Legge til rette for at aktivitetar kan gjennomførast også når aktivitøren ikkje er på jobb.
- Utvikle, kvalitetssikre og og dokumentere aktivitetar
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonskrav
- Ynskjeleg med fagbrev som aktivitør, men anna relevant fagutdanning kan også vurderast (minimum fagbrev)
- Relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning
- Førarkort klasse B
- God skrifleg og munnleg framstillingsevne (norsk)
Personlege eigenskapar
- Er kreativ og har evne til å finne praktiske løysingar på utfordringar som dukkar opp
- Er fleksibel, stabil og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- Den som vert tilsett må fylle ut eigenerklæring om MRSA/TBC, og framlegg negativ prøve før oppstart dersom ein er i ei risikogruppe
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
Kontaktperson for stillingen
Nina Haveland
Einingsleiar Sone Eivindvik - Gulen sjukeheim
+4745871550
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
518f9d65-aebf-4801-af93-5aa6045badd4
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10254584